I sekken hadde han med seg godteriposer til alle ungane (foto: Andris Hamre)

Så kom nissen

Med heis og godteri.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Nissen tok ein moderne ankomsten, med heis, då han blei ropt fram av ein stor barneflokk på Amfi laurdag ettermiddag.

Grunna skifting av glastak på torget på AMFI hadde senterleiar Silje Lygre i år flytta julelystenninga til inngangspartiet ved blomsterbutikken og Coop Xtra. Det gav nissen moglegheten til å droppe pipa og i staden ta heisen ned til forventningsfulle ungar.

– Dette er alltid like kjekt å sjå så mykje folk som vil hjelpa oss å tenne julelysa. Det blei litt trangt her, men det går, smilte Lygre i minutta før lysa skulle tennast.

Klarte det på tredje forsøk

Før tenninga tok til spelte Nore Neset skulekorps julesongar i andre etasje og to grupper frå Os kulturskule varta opp med song.

– Detter er vokalgruppa som skal synge to låter, så kjem barnekoret på Os kulturskule og framfører to songer, innleia dirigent Janie Froestad Laupsa før både «Hei, hå, nå er det jul igjen» og «Det lyser i stille grender» runga ut av høgtalarane.

Og lys blei det, men ikkje før senterleirar Lygre hadde måtte få hjelp til å tella ned tre gonger. 

Raskare gjekk det då ungane ropte på nissen. Han kom med ein gang og delte ut godteri med god hjelp frå nissejentene frå Trivselstallen i Lysefjorden.