Lokal | 23. juli 2016

Så lange blei tunellane før ferien

Skogafjellstunnelen (1,5 km) skal vera ferdig til jul, Lyshorntunnelen (9,2 km) skal vera ferdig hausten 2018.

Så lange blei tunellane før ferien
Dei to løpa i Skogafjellstunnelen har til no berre blitt drivne frå Svegatjørn-sida. Tunellen skal vera ferdig til årsskiftet 2016-2017. (Ill.: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juli 2016 07:05

Bildeserie:

Skogafjellstunnelen. 20,4 % er ferdig. 1. september byrjar dei å driva frå andre enden òg. (Ill.: Statens vegvesen)
Skogafjellstunnelen. 20,4 % er ferdig. 1. september byrjar dei å driva frå andre enden òg. (Ill.: Statens vegvesen)
Lyshorntunnelen, øvst er nærmast Os. (Ill.: Statens vegvesen)
Lyshorntunnelen, øvst er nærmast Os. (Ill.: Statens vegvesen)
Rå- og Søråstunnellane. 8,5 % ferdig. (Ill.: Statens vegvesen)
Rå- og Søråstunnellane. 8,5 % ferdig. (Ill.: Statens vegvesen)
1 av 3
Skogafjellstunnelen. 20,4 % er ferdig. 1. september byrjar dei å driva frå andre enden òg. (Ill.: Statens vegvesen)
Lyshorntunnelen, øvst er nærmast Os. (Ill.: Statens vegvesen)
Rå- og Søråstunnellane. 8,5 % ferdig. (Ill.: Statens vegvesen)

Drivinga av tunellane i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal er godt i gang.

Her er video av første salve på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn.

Skogafjellstunnelen blir førebels driven berre frå Svegatjørn-sida, men 1. september byrjar dei å sprenga frå Endelausmarka òg. Når denne er ferdig, ved årsskiftet 2016-2017, blir tunnellen brukt som anleggsveg til Endelausmarka mens dagens midlertidige anleggsveg skal fjernast og ny fylkesveg skal byggast.

Lyshorntunnelen blir driven både frå Endelausmarka og frå anleggstunnel under Hamre, der dei driv tunnelløpa både mot Os og mot Rådal. Når dei har drive 3,5 km frå Endelausmarka møter dei kollegaene som driv frå Hamre.

I førre veke fortalte Statens vegvesen om status før ferien, framdrift per 14. juli:

Skogafjellstunnelen (1,5 km)
• Utsprengt tunnel 20,4 %
• 589 meter av totalt 2890 meter
• Inndrift på ca. 295 meter pr. løp
• Ferdig årsskiftet 2016/2017

Lyshorntunnelen (9,2 km)
• Utsprengt tunnel 9,8 %
• 1806 meter av totalt 18370 meter
• Ferdig hausten 2018

Som del av prosjektet er eit omfattande tunellsystem i Fana, forbi Lagunen og under Sørås. Her er dei òg godt i gang.

Rå- og Søråstunnelene
• Utsprengt tunnel 8,5 %
• 560 meter av totalt 6605 meter
• Inndrift på ca. 280 meter pr. løp

Mellom Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen kjem 1,1 km med E39 i dagen, og næringsområdet Lyseparken.

Sjå bildeserie og flyfoto frå Endelausmarka 1. juni - og videoreportasje; Elevar besøkte Lyseparken med eigne idear

Her kjem òg ny fylkesveg til Åsen, der det no òg ligg til rette for ny fylkesveg frå Åsen til Helleskaret.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

• Sjå webkamera ved Svegatjørn
• Sjå video av første salve på Skogafjellstunnelen
• Animasjonsvideo: Ta køyreturen frå Svegatjørn til Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen i Rådal er 11,8 km.
• Strekninga med ny veg er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart 2015: Torsdag 3. september i Rådal (Implenia) og 1. oktober i Os (Veidekke).
• Antatt ferdig i 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.