Næringsliv | 20. juni 2017

Sa seg opp som sjef for TV2 Sumo for å starta eige firma

Etter 17 år i TV2 får Kristian Bruarøy base i heimbygda.

Sa seg opp som sjef for TV2 Sumo for å starta eige firma
Kristian Bruarøy bur i Øyane og har forretningsadresse i heimbygda for sitt nye selskap, Bridje. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juni 2017 11:35

Kristian Bruarøy (40) starta som journalist og reporter i TV2, men etter eit knapt år ute i felten blei han henta inn til TV-kanalen si websatsing.

Seinare har han, ved sidan av å vera ein av to leiarar i TV Sumo, vore første nordmann i Emmy-juryen. Han har òg vore jurymedlem i den europeiske «Gullrosen» og i World Summit Award, der han framlei er nasjonal ekspert frå Noreg.

– TV2 er ein fantastisk arbeidsplass og TV2 Sumo har vore tidleg ute i internasjonal samanheng. Erfaringane mine har blitt eit fint trekløver av innhald/journalistikk, teknisk kompetanse og forretning. Dette kan eg, saman med nettverket eg har fått desse 17 åra, dra nytte av i nytt selskap, seier Bruarøy til Midtsiden.

Han orienterte arbeidsgjevar før jul om kva veg han ville gå, 17. mai var formelt hans siste dag i TV2.

På spørsmål frå bransjebladet Kampanje.com, som i dag publiserte eit intervju med Kristian, om ikkje det var plass til han i TV2 Sumo lenger, svarer han:

- Det var nok heller undring over at eg ikkje ville vera med vidare.

– Men no har eg vore 17 år på éin plass, og om eg ein dag skulle realisera draumen om å starta dette selskapet tenkte eg at tida no var moden, seier han til Midtsiden.

Startar selskapet Bridje

I staden for å bli del av TV2 si auka satsing på TV2 Sumo, som no skal byggast opp som ei meir sjølvstendig avdeling, vel Bruarøy å satsa frå utsida med eige selskap.

Han har hatt kallenamnet «Bru», ei forkorting av etternamnet sitt, og tatt norsk-engelsk særnamnet Bridj på sitt nye selskapet.

– Det speler på fleire ting, blant anna brua mellom det gamle og det nye, rådgjeving i omstillingsprosessar og auka digitalisering, og som ei bru over ein straum, då strømming er det eg har jobba mest med.

Aukande bruk av video handlar ikkje berre om teknisk gjennomføring, men om kva ein video eller ei strømming av levande bilde skal innehalda, korleis det skal presenterast - og om det er noko du kan tena pengar på.

– Eg rettar meg ikkje berre mot store kundar, det er i dag mange som bruker video til alt frå møte og kurs, webinar og reklame. Mange av desse kan ha nytte av råd for å gjera ting smartare, billigare eller på ein inntektsbringande måte. Mange lurer på alt frå kva utstyr dei treng til kva verktøy som finnest. Mykje er billig og gratis, det er ikkje alt du treng å skreddarsy. Men du må veta om det.

Bruarøy vil òg tilby tenester innan rådgjeving og strategi utanom det som handlar om video og strømming.

Får base i heimbygda

Bruarøy hadde ikkje hastverk med å starta eige firma, og ville heller ikkje gjera det vanskeleg for førre arbeidsgjevar. Men no er overgangen tatt og han er i gang med å jobba med sin første kunde.

Han vil ikkje seia om han har tatt noko form for sluttpakke hos TV2, då dei har skrive ein konfidensialitetsavtale.

– Kan TV2 Sumo bli ein kunde av deg, at du blir ein underleverandør?

– Teoretisk kan dei det. Dei er i ein omstillingsfase, så det blir i så fall ikkje på ei stund. Det er andre kundar eg jobbar med no, seier Kristian til Midtsiden.

Bridje har forretningsadresse i heimbyda Os, men Bruarøy har førebels ikkje leigd seg kontor.

– Ordføraren har jo spurd om ikkje eg vil leiga i den nye gründerparken, seier Kristian om veslesøstera Marie Lunde Bruarøy.

– Men førebels så ventar eg litt.

– Då det blei klart at TV2 skulle inn i Media City Bergen, der det ikkje blir faste kontorplassar, gjekk eg over til ikkje å ha noko fast med det same. Eg er vel ein type popcorn som poppar tidleg, i staden for å bli svidd i botnen, så eg har no jobba tre år utan fast kontorplass. Eg trivst med det å vera litt nomade, å jobba frå ein sofa eller ein ny pult, å møta nye folk.

– Det er mogleg at eg får meg eit kontor, som ein base, men det kan òg henda at eg blir sitjande så mykje ute hos kundar at det ikkje blir behov for noko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.