Kultur | 25. mai 2017

Sååå stor blir Torgfesten

– Vi hadde håpa på 150, men det er plass til 500, seier William og Eirik om den nye minifestivalen i Os sentrum.

Sååå stor blir Torgfesten
William Lindborg frå Os Sentrumsforening og musikar Eirik Søfteland var i går i gang med oppmåling til telt og scene før festivalen fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mai 2017 07:30

Mens musikarar diskuterte ein live-kveld med uteservering på Catten Nightclub gjekk Havnechefen og planla både opning og offisiell opning. Då dei to partane tilfeldigvis møtte på sentrumskontoret samtidig, tok leiar William Lindborg grep.

– Det er greit med arrangement fleire helger på rad, men her hadde vi to verksemder som ville omtrent det same, seier leiar for Os Sentrumsforening, William Lindborg.

Dei blei snart einige om dato og gjennomføring.

I går var William og målte opp plass til scene og telt, fredag er det festival.

Telt og scene i Torggata

Festivalen startar klokka 18 og første band går på scenen mellom klokka 18 og 19.

– Scenen skal riggast her, seier William, og stiller seg opp utanfor rådhuset, vis a vis inngangen til Joker.

Med opning mot Torget kan publikum stå i krysset eller sitja utanfor teltet, på takterrasse eller på uteserveringa Havnechefen har på gateplan.

– Vi stenger vegen ved inngange til Joker og mellom Bakketeig og Madam Ane. Trafikken frå Brugata til Landboden vil gå som normalt, men akkurat dette krysset blir gågate fredag kveld.

Catten riggar telt mellom Havnechefen, Bakketeig og Os Blomsterservice.

– Både Catten og Havnechefen serverer drikke. Havnechefen lager mat som du fritt kan ta med deg på festivalområdet, eller sitja på restauranten og eta.

– Dette betyr at du, om du vil vera gjest på Havnechefen fredag kveld, må ha billett. Dei hadde ein del bookingar allereie før Torgfesten blei annonsert, og jobbar med å kontakta alle desse for å finna ei god løysing.

Fem artistar ute - éin inne

Det er Eirik Søfteland sitt coverband, Undercover, som står for bookinga til kvelden.

– Vi har fått ei fin samansetjing av pop og bluegrass. Eg gler meg spesielt til å høyra banjo, seier Eirik om bandet Bighorn Butterboys.

Dei fem banda og artistane som skal på scenen er:
• Simen Moesgård
• Undercover (Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Aasmundseth)
• Bighorn Butterboys
• HM Johnsen
• Grace & Menace

Undercover har lovd å ta med seg ein gjest, og Eirik avslører kven det er.

– Sjølvaste Tord Søfteland dukker opp og tar tre låtar med oss. Han skal nok «På 'an igjen», seier Eirik om sin eigen far.

– Vi held på til klokka 12 ute. Etterpå speler supertrubadur PV Staff inne på Catten.

Då Midtsiden snakka med William og Eirik i går, var det selt 60 billettar.

– Vi hadde først håpa på rundt 150 gjestar, men vi har løyve til 500 og no når det er meldt bra vêr kan det fort koma ein del folk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.