Lokal | 04. okt. 2017

Saknar 20 millionar

Har fått 25,6 millionar til samanslåing, men trudde dei skulle få 20 til.

Saknar 20 millionar
Fellesnemnda, saman med dei tillitsvalde i partssamansatt utval måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. okt. 2017 09:04

Bjørnafjorden kommune har fått utbetalt 25,6 millionar kroner til dekking av eingangskostnader i kommunereforma. I tillegg vil kommunen få reformstøtte på 20 millionar kroner, men dette tilskotet vil ikkje bli utbetalt før i 2020, og ikkje no ved oppstarten av samanslåinga, slik ein tidlegare trudde.

– Vi har pengar til å driva prosjektet, men ikkje til å utvikla det. Det uroar meg. Om det er Os og Fusa i fellesskap som skal forskuttera dei 20 millionane eller om det skal gjerast på andre ting, veit eg ikkje. Fjell, Sund og Øygarden kommuner vil forskuttera i 2019, medan Sunnfjordskommunane ikkje vil gjera det, så praksis er litt ulik. Dei 12,3 millionane vi har årleg i 2018 og 2019 er i allefall alt for lite til å driva utvikling, konstanterte rådmann og prosjektansvarleg for kommunesamanslåinga, Christian F. Fotland då fellesnemnda skulle vedta budsjettet måndag.

Ba ordførarane kontakta KS

Politikarane delte rådmannen si uro.

– Det er vel ikkje berre vi som opplever at det er knepne midler som ligg er. Er det noko fora som kan henvenda seg samla til regjeringa, undra Gustav Bahus (Frp).

– Eg tenkjer ordførarane må ta det opp med KS. Vi har nokre administrative kanalar, men det vil ha større gjennomslag om det kjem frå politisk hald, svara Fotland.

– Kanskje vi skal gjera eit vedtak om at vi ber ordførarane gjera det då, konkluderte Bahus.

Treng pengar i 2020 også

Magne Djuvik (Frp) følgde opp.

– Ei oppfølging til rådmannen. Du var inne på forskuttering av desse pengane. Eg støttar Bahus i at vi må prøve å få dei ut i 2019. Men om ikkje det går, er forskuttering ein farbar veg?

– Det er ein moglegheit, men eg har diskutert det med økonomisjefen i Os og ho er meir uroleg for at vi har behov for desse pengane i 2020 også. Når pengane skal nyttast er ikkje lett, men å ha dei disponible hadde vore ei styrke, svara Fotland.

– Eg trur det er viktig et Bahus er inne på. Vi må prøve å få tak i desse pengane. Vi må be om meir pengar før 2020. Harmoniseringa og innkjøringa av to miljø som skal slå seg saman krev mykje. I 2020 må vi vera oppe og går i høve innbyggjarane våre. Desse pengane kan vi ikkje venta på til 2020, men vi må ha ny pengar i 2020 også, oppsummerte Mikael Leigland (Sp) før ordførarane Marie Bruarøy (H) og Atle Kvåle (Ap) fekk oppdraget med å ta problemstillinga opp med KS.

Midtsiden si samleside om Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.