Veronica Søilen Halhjem på Oseana etterlyser eigaren av denne bunadscapen (foto: Andris Hamre)

– Saknar du denne?

Bunadscape, sovepose og bursdagsgåver er blant tinga som er gløymt att på Oseana.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Oseana Kunst- og kultursenter etterlyser eigarane av ein masse ting som har vore gløymt att i løpet av dei par siste åra.

– Vi held på å rydde på lagera for å få plass til det utstyret vi treng. Då har vi ikkje plass til å taka vara på alle dei tinga folk har gløymt att, så no set vi ein frist ut januar for folk å koma og henta tinga sine, før dei blir levert vidare til gjenbruk, fortel Veronica Søilen Halhjem på Oseana.

Feira 65 års dag, gløymde gåver

Det er eit stort lass av alt mogleg rart som ligg på lageret til kulturhuset.

– Nokre av tinga har vi ein viss form for identifikasjon på. Til dømes eit par gåver som Eli fekk då ho feira 65 års dagen sin her ute i september 2016. Problemet er at vi ikkje har klart å finna igjen Eli.

– Vi har også ein sovepose her som tilhøyrer Mathilde, men etternamnet har vi ikkje klart å lesa, så om du saknar soveposen din Mathilde, så har vi den her, seier Søilen Halhjem.

Store verdiar

Sjølv om det er ein del paraplyer og andre ting som kanskje ikkje kostar dei store summane i innkjøp, så er det også plagg av høg verdi.

– Eg vil tru denne bunadscapen kosta ein del å få sydd. Vi har òg ei fin løparjakke frå Gore, dei er ikkje heilt billige, heller ikkje dei fora skinnhanskene og lua vi har liggande, så eg vil tru at det er nokon som saknar dei og gjerne vil ha dei tilbake.

– Veit du når bunadscapen blei attgløymd?

– Nei, det gjer eg ikkje. Om det var i samband med eit bryllup eller om det var på ein 17. mai har eg ikkje oversikten, men vi har den her ut månaden, før den blir gitt vidare. Det er berre å ta turen innom og henvenda seg i resepsjonen, avsluttar Søilen Halhjem.