Lokal | 11. apr. 2014

Saman om eit godt miljø

Dugnadsinnsats frå skule, elevar, foreldre og idrettslag gjev nye uteaktivitetar og eit enno betre utemiljø på Lunde Barneskule.

Saman om eit godt miljø
Foreldre, besteforeldre, naboar og elevar stilte i hopetal då Lunde skule inviterte til aksjonskveld torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. apr. 2014 06:57

Bildeserie:

Rektor Berit M. Skorpen helsa dei frammøtte (foto: Andris Hamre)
Rektor Berit M. Skorpen helsa dei frammøtte (foto: Andris Hamre)
Og takka Geir Lepsøe for dugnadsinnsatsen med den nye sandvolleyballbanen (foto: Andris Hamre)
Og takka Geir Lepsøe for dugnadsinnsatsen med den nye sandvolleyballbanen (foto: Andris Hamre)
Før trenarane og spelarane frå Søre Neset Volleyball spelte ein liten oppvisningskamp (foto: Andris Hamre)
Før trenarane og spelarane frå Søre Neset Volleyball spelte ein liten oppvisningskamp (foto: Andris Hamre)
Førre aksjonskveld finansierte mellomanna denne klatrepyramiden (foto: Andris Hamre)
Førre aksjonskveld finansierte mellomanna denne klatrepyramiden (foto: Andris Hamre)
1 av 4

I omlag tre år har aksjonsgruppa «Lunde nærmiljø» vore i sving for å skaffe tilvegs midlar og innsats for å rusta opp uteområde på og ved Lunde barneskule. Torsdag blei det siste tilskotet på stammen, sandvolleyballbana med olympiske mål, offisielt opna av rektor Berit M. Skorpen og volleyball-eldsjel Geir Lepsøe.

– No kan vi arrangere olympiske leikar på Lunde, i allefall i sandvolleyball, helsa rektor i opningstala.

Bana har dei finansiert gjennom bidrag frå Gjensidigestiftelsen, Sparebanken Vest, eigne midler frå Søre Neset Idrettslag og DnB Sparebankstiftelsen via Noregs volleyballforbund.

– Gjensidigestiftelsen jobbar for eit tryggare, sunnare og meir aktivt Noreg. Difor er eit prosjekt som er tilknytta fysisk aktiviet rett for oss å støtta, seier områdeleier Janne A. Wågenes i Gjensidigestiftelsen.

Aksjonskveld for leikeapperat

Opninga var berre ein liten del av den årvise aksjonskvelden på skulen, kor målet er å samla inn midlar til ny klatrevegg, to utandørs bordtennisbord, benkar og nye fotballmål.

– I fjor samla vi inn omlag 35 000 kroner til ei ny klatrepyramide og ei edderkoppdisse.

– Vi håpar sjølvsagt at kveldens aksjon skal hjelpa oss på veg til å realisera dei nye apparata, fortel inspektør ved skulen, Henrik Johannessen.

Godt for skulemiljøet

Med kafé, Lunde-talent og ymse aktivitetar var det eit høgt aktivitetsnivå blant elevar, foreldre, naboar og andre torsdag kveld.

– Aksjonen er viktig for oss for å skapa eit godt skulemiljø.

– Vi har tru på at det å, tildømes få på plass to bordtennisbord som vi får andre skular veit er veldig populære, vil vera med på å hindra mobbing og skapa eit enno betre utemiljø ved skulen.

– Det at elevane har meiningsfylt aktivitet å halde på med i friminutta er viktig, avsluttar inspektøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.