Sport | 21. apr. 2015

Samarbeider for gode treningar

J14-laga til Nore Neset og Os samarbeider for å få enno betre treningar. I helga arrangerte dei turnering mot dei beste laga frå Hordaland.

Samarbeider for gode treningar
Nora Berge frå Nore Neset satte inn dei tre første måla for NN Os i semifinalen mot Gneist (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. apr. 2015 07:57

Bildeserie:

Frida Lyssand er ein tøff og uredd ving (foto: Andris Hamre)
Frida Lyssand er ein tøff og uredd ving (foto: Andris Hamre)
Kine Sælen er likeeins uredd frå backen (foto: Andris Hamre)
Kine Sælen er likeeins uredd frå backen (foto: Andris Hamre)
Motstandarane frå Gneist blei for tøffe i semifinalen og NN Os måtte sjå seg slått 10-18 (foto: Andris Hamre)
Motstandarane frå Gneist blei for tøffe i semifinalen og NN Os måtte sjå seg slått 10-18 (foto: Andris Hamre)
Det var stil over turneringa kor spelarane blei presenterte før kamp (foto: AH)
Det var stil over turneringa kor spelarane blei presenterte før kamp (foto: AH)
1 av 4

Handballjentene til Os og Nore Neset er kvar for seg relativt små og sårbare grupper. Difor har dei denne vinteren samarbeida om ei trening i veka.

– Det at vi er såpass små kvar for oss gjer at vi ikkje får gjort alt vi gjerne skulle ha gjort på trening.

– Ved å slå dei to gruppene saman har det vore enklare, og vi ser store framskritt gjennom sesongen, fortel Trond Budal, som trenar Os sitt lag.

Laga eiga turnering

Dei to laga har spelt kvar for seg i seriespelet, men spelte saman i julecupen i Haukelandshallen. For å få meir samspeltrening inviterte dei i helga dei beste laga i Hordaland og Sogn og Fjordane til turnering i Oshallen.

– Ni lag, kor alle dei beste frå 1. divisjon i Hordaland var med.

– Vi hadde eitt lag påmeldt frå Sogn og Fjordane også, men dei måtte melda forfall på grunn av fylkesmeisterskap.

Tok tredjeplassen

NN Os stilte med to lag i turneringa, kor det eine tok seg til semifinale mot Gneist.

– Gneist vann tilslutt heile turneringa etter å ha slått Fyllingen i finalen.

– For vår eiga del så synes eg vi gjer ei veldig god turnering.

– På treningane i vinter har vi ikkje fokusert på samspel, men meir på å utvikla dei einskilte spelarane.

– Det ser vi litt att i turneringa. Dei andre laga trenar saman fire - fem ganger i veka, medan vi gjer det berre ein gang.

– Eit resultat av det er at vi ikkje alltid finn kvarandre slik som motstanderane gjer, men alt i alt så synes eg jentene presterer veldig bra.

– Det er mange som har utvikla seg stort i vinter, skryt Budal.

Sosialt samspel viktig

Samarbeidet mellom dei to klubbane held fram også kommande sesong, men før dei tek sommarferie reiser dei på felles cup på Lørenskog i månadsskiftet mai/juni.

– Der vil vi ha fokus på det sosialet.

– Skal ein få gode treningar og miljø er det heilt sentralt, avsluttar Budal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.