Kultur | 01. sep. 2017

Samarbeider om countrykveld

Oseana, Er-An Veikro og Os Amcarklubb saman om amerikansk countrykveld med Rita Erikssen.

Samarbeider om countrykveld
Rita Eriksen står for musikken når Oseana, Er-An Veikro og Os Amcarklubb innleier nytt samarbeid (pressefoto)
Andris Hamrefredag 01. sep. 2017 08:22

Det blir både amerikanske smakar, amcar kortesje og stemingsfull konsert med storstemma Rita Erikssen som syng tonar frå countrystjerna Eva Cassidy, når kreative hovud frå Oseana Kunst og Kultursenter og Er-An Veikro set seg saman. Os Amcar Klubb har dei og fått med seg på laget.

Neste fredag får Oseana besøk av Rita Erikssen, som gjer oss ei nydeleg tolkning av Eva Cassidy. Med slik ein countrykonsert på tapetet, var vi berre nøydd å kontakta Linda på Er-An Veikro – dette er jo midt i blinken for hennar gjestar å vera med på!, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg Veronica S. Halhjem i ei pressemelding.

– Eg var ikkje vanskeleg å be, seier dagleg leiar ved Er-An Veikro, Linda Andersen. Ein slik konsert er vi så klart med å lage noko på, dette vil skapa steming for våre gjestar, seier ho.

Eigen meny og transport

Er-An Veikro vil denne kvelden setja opp ein eigen Cassidy meny, slik at publikum kan ta middagen i god amerikansk stemning før konserten i Oseana. Os Amcar klubb har dei og fått med seg. Klubben stiller med amerikanske bilar som vil køyre publikum til Oseana.

Det er altså eit heilt opplegg klart for countrypublikummet som vil ut og nyte fredagskvelden – kanskje ei oppleving litt utanom det vanlege.

– Det må jo være litt av ein moglegheit å bli køyrt i ein staseleg bil med eigen sjåfør til konserten i Oseana, strålar Andersen.

– Vi har også store forhåpningar til konserten, der vi får oppleve Rita Eriksen sitt fulle register, slik heile Noreg stemde henne fram som den fyrste vinnaren av NRK sitt populære Stjernekamp, seier Halhjem.

Kan bli fleire samarbeid

Dette er det første arrangementet Oseana og Er-An Veikro samarbeider om, men det blir nok ikkje det siste. Halhjem og Andersen er allereie i gong med å planlegge.

– Oseana har ein konsert kalla Book of Love med Helge Jordal, Tor Endresen og Hilde Økland som også kjem i september, og her har både eg og Veronica allereie idear, seier Andersen.

– Det er jo på tide at vi gjer noko saman, og ikkje berre sit på kvar vår ende. Eg synes eit samarbeid med Er-An Veikro er spanande, fordi det vil gje ei utvida kulturoppleving til vårt publikum, seier Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.