Kultur | 24. feb. 2015

Samkjørt søskenflokk

Tre søsken frå Os tar same studium ved NTNU – samtidig. Dei takkar oppveksta, TAF i Fusa og Rolls-Royce for retningsvalet.

Samkjørt søskenflokk
Eirik, Guro og Lena Samnøy trivst godt som ingeniørstudentar ved NTNU. (Foto: Maren Agdestein)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. feb. 2015 22:03

Søsknene Eirik (27), Guro (20) og Lena Samnøy (24) frå Os har alle hamna i «smørekoppen», som det heiter når du går maskiningeniørstudiet ved NTNU i Trondheim.

At far i si tid studerte ved skulen, som den gong heitte NTH, har nok spelt inn.

Men i eit intervju med universitetsavisa fortel dei tre om både praktiske erfaringar i oppveksten, eit vellykka val av vidaregåande skule og nokre gode år utplassert hos Rolls-Royce Marine, når dei skal forklara kvifor alle tre til slutt enda på same studie.

Gardsdrift, gullfiskar og vêrmelding

Mens Eirik fortel om ein barndom der han hjelpte farfaren med gardsdrift, noko som gav meirsmak på det å sjå etter løysingar når noko praktisk gjekk gale, illustrerer søstrene si tidlege ingeniør-interesse ved å fortelja om føring av vêrdata og gullfiskar med namn etter oljeplattformer.

– Eg sljønte at eg ville vidare, men fem år i Trondheim verka lenge. Eg bestemte meg for å ta militæret først, etterkvart modna beslutninga om at det var her eg ville, seier Eirik til UA.

Tok TAF i Fusa

Alle dei tre tok TAF (teknisk allmennfagleg linje) ved Fusa vgs, der dei ved å bruka fire år på vidaregåande skule får både fagbrev og allmenn studiekompetanse.

Det høyrer med til historia at alle andreklassingane ved skulen besøker NTNU.

To dagar i veka var dei lærlingar hos Rolls-Royce Marine i Hagavik i Os, eit opphald som også var medverkande til at dei valte ingeniørstudiet.

Eirik har fått ei graduate-stilling i selskapet, med stipend frå Rolls-Royce. Også Lena kan vera på veg tilbake til selskapet ho var lærling hos, når ho er ferdig i Trondheim.

Her kan du lesa heile intervjuet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.