21. desember blei solidaritetskonserten arrangert i Os kyrkje (arkivfoto: KVB)

Samla inn over 150.000

Solidaritetskonserten og andre aktiviteter gav 157.279 kroner til Kirkens Nødhjelp.

Av: Andris Hamre

I byrjinga av desember blei det kjend at initiativtakarar ville arrangera solidaritetskonsert i Os kyrkje torsdag 21. desember.

– Sultkatastrofen i verda er det vi kalle den stille sulten. Barn over heile verda svelt, utan at det får den merksemda det treng, fortalde Arvid Tveit, som saman med Arne Meland, Øyvind Heggland og Liv Strømsvåg sto bak initiativet.

Aksjonen skulle gje pengar til Kirkens Nødhjelp sitt bistandsprogram for naudlidande i Afrika og Jemen. Ei rekkje lokale artistar stilte opp.

No er resultatet frå konserten, i tillegg til offer i kyrkjene julaftan, gåver og bøsseaksjon i romjula, klart. Tilsaman blei det samla inn 157.279 kroner.

– Osingane har vist nok ein gong vilje og evne til å hjelpa folk i naud.

– Takk til alle som var med å leggje til rette, artistane på konserten, deltakarane under innsamling og ikkje minst, alle dei som gav pengegåve til Kirkens Nødhjelp, seier kyrkjeverje Gerhard August Hansen i ei pressemelding.

Innsamlinga er fordelt slik:

  • Solidaritetskonsert i Os kyrkje 21/12: Kr 28.900,-
  • Offer i kyrkjene julaftan: kr 61.313,-
  • Gåve: kr 5000,-
  • Bøsseaksjon i Os 29. og 30. desember: kr 57.266,-
  • Vipps: kr 4.800,-