Kultur | 23. apr. 2018

Samla kulturhus-Noreg

115 kulturhusarbeidarar samla på Oseana for fagleg påfyll og sosialt samvær.

Samla kulturhus-Noreg
Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg gler seg over å ha fått vitjing av dagleg leiar Nina Hodneland og resten av Norsk Kulturhus Nettverk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 23. apr. 2018 11:31

Bildeserie:

115 deltakarar frå heile Noreg er samla i Oseana (foto: Andris Hamre)
115 deltakarar frå heile Noreg er samla i Oseana (foto: Andris Hamre)
1 av 1
115 deltakarar frå heile Noreg er samla i Oseana (foto: Andris Hamre)

Måndag og tysdag denne veka er Norsk Kulturhus Nettverk (NKN) samla til fagkonferanse og årsmøte i Oseana.

– Vi er 129 kulturhus som er med i nettverket. Dei er frå Longyearbyen i nord til Lyngdal i sør. Her på Oseana er det 115 deltakerar som er med for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og sosialt samvær, fortel Nina Hodneland, dagleg leiar i NKN.

Miljø og personvern

På programmet står mellom anna GDPR (Eu si forordning for personvern) som truleg blir norsk lov i løpet av 2018 og kva konsekvensar dette gir.

– Eit anna område som vi har litt ekstra fokus på er miljøperspektivet. Oseana er eit foregangshus i den samanhengen. Det er ikkje alle kulturhus som har kome så langt, eller har dei same moglegheitene, men litt kan vi gjera alle saman. Som til dømes å setta fokus på det og legga til rette for kildesortering, slik som dei har gjort her på huset.

– Tilsaman har vi 14,5 millionar besøkande i kulturhusa rundt i landet. Då er det klart at også vi har eit samfunnsansvar med tanke på miljøet, seier Hodneland.

Prestisjefylt arrangement

NKN har to fagsamlingar i løpet av året. Den daglege leiaren fortel at det er stor rift om å få lov å vera vertsskap.

– Samlingane går på rundgang og det er litt kniving om å få vera vertsskap. Ole Tobias (Lindeberg, journ.mrk) har vore ivrig ganske lenge på at vi skulle vitja Oseana. Det skjønner eg godt, når eg ser det flotte kulturhuset de har fått til her på Os, smiler Hodneland.

Vil gje Os-oppleving

Lindeberg er ikkje heilt med på at han har "masa" lenge, men at det er stas å få kollegaene frå heile landet på besøk legg han ikkje skjul på.

– Det er klart det er det. Det er kjempegøy og ei stor ære å få visa fram Oseana. Eg har vel ikkje masa så lenge, men det har vore planlagt lenge, slik at vi skulle få booka rom til alle på Solstrand.

– Vi ønskjer jo å gje dei ei Os-oppleving og ikkje at dei måtte ha pendla mellom Os og Bergen, poengterer Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.