Sport | 22. mai 2017

Sånn blir Lysekloster - Brann

Ein rekord frå 1981 står for fall. Søvikåsen blir einvegskøyrd. Kampen blir direktesendt. Ny tribune er bygd. Her er oddsen på NM-runden.

Sånn blir Lysekloster - Brann
Karadas, då han spelte mot Os for to år sidan, og Østevold, som har skåra to mål i tre kampar på rad for Lysekloster i vår. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. mai 2017 08:50

Onsdag klokka 18.00 startar kampen mellom Lysekloster og Brann.

Andre NM-runde går mellom serieleiar i Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 og 2. plassen i Eliteserien.

Kampen blir sendt direkte på NRK.no, men det er venta at mange vil få med seg cupfesten i Lysekloster Framo idrettspark.

Førre publikumsrekord: 1.124

– Vi har plass til 2000-2500 tilskodarar, men har ikkje idé om kor mange som kjem, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Billettar blir selte på blant anna Brann Stadion, på lokalbutikken på Buena og på Best-stasjonen i Os sentrum.

– Tribunen vår har kapasitet på 700. På motsett langside har vi bygd ein ny, midlertidig tribune.

Den førre publikumsrekorden er frå 1981.

Då var det 1.124 som kom for å sjå kamp, ikkje med Lysekloster, men Hald mot Os i 3. divisjon (tilsvarande 2. divisjon i dag).

– Hald leigde bane hos oss den sesongen, då dei heldt på å bygga ny bane på Sotra. Erik Just Olsen, som både hadde trent Os og spelt på landslaget på 70-talet, var trenar for Hald. Mange kom frå Sotra med båt for å sjå kampen, fortel Bjørnar Engelsen frå Lysekloster.

Lysekloster har spelt mot topplag i NM før, mot Sogndal i 2015, men den kampen gjekk på Kuventræ då Lysekloster hadde byggearbeid på eigen bane. Sjå bildeserie og video frå Lysekloster - Sogndal 1-5 (0-3).

I 2016 var Lysekloster nær på å slå Åsane ut av cupen. Lysekloster leia 3-0 i 70. minutt, men måtte gje tapt.

Einvegskøyring over Søvikåsen

Kollen seier området har god parkeringskapasitet, med plass til 400-500 bilar.

– Vi tar i bruk områda rundt anlegget, forbi banen og inn ved barnehagen, blant anna. Vi ber likevel folk samla seg i bilar, at ikkje alle kjem med kvar sin bil.

Ole Bulls veg over Søvikåsen blir einvegskøyrd mot banen i minst ein time før kamp, frå Lysefjorden mot Os i ein time etter kamp.

Lite cupbombevarsel på Lysekloster

Bookmakarane spår minst éi cupbombe i 2. runde, men tviler på at det er Lysekloster som detonerer den.

– Lysekloster er eit svært bra 3. divisjonslag, men Brann er i veldig god form og har god breidde. Det skal vera klar forskjell, seier marknadssjef Stian Skandsen frå NordicBet.com og legg til:

– Stalltipset er at Brann vinn med to-tre mål.

Oddssetjarane hos NordicBet ser fem kampar der Eliteserie-lag skal slita.

– Våre oddssetjarar treff ofte bra med sine cupbombeinnspel. Vi tippar at minst eitt lag ryker, kanskje to-tre, i denne runden. Det er lag som Viking, Sogndal, Haugesund, Sarpsborg 08 og Stabæk som har dei tøffaste kampane.

Cupodds fra NordicBet.com:
Egersund-Viking 4.40-4.70-1.48
Raufoss-Sogndal 5.45-5.35-1.35
Vard-Haugesund 5.70-6.00-1.30
Moss-Sarpsborg 08 5.95-5.75-1.30
Asker-Stabæk 5.95-5.75-1.30
Hødd-Molde 7.80-6.10-1.22
Skeid-Strømsgodset 9.00-6.00-1.20
Finnsnes-Tromsø 8.05-6.50-1.20
Byåsen-Aalesund 8.65-6.75-1.18
Lysekloster-Brann 8.80-7.00-1.17
Ørn-Sandefjord 8.80-7.00-1.17
Pors-Odd 10.50-6.75-1.15
Verdal-Kristiansund 9.20-7.45-1.15
Brumunddal-Lillestrøm 8.55-8.00-1.15
Kråkerøy-Vålerenga 11.00-9.00-1.10
Tynset-Rosenborg 26.00-12.00-1.01

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.