Sport | 17. aug. 2017

Sånn blir Osløpet

Nesten 100 påmeldte til no: – Løypa er fin også for mosjonistar, arrangementet blir også godt eigna for publikum, seier William.

Sånn blir Osløpet
William saman med Tore Kleppe, som skal stå på takterrassen til Havnechefen som speaker laurdag frå klokka 12. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. aug. 2017 09:59

Bildeserie:

Frå ei av fleire fellestreninger i løypa. (Privat foto)
Frå ei av fleire fellestreninger i løypa. (Privat foto)
1 av 4
Frå ei av fleire fellestreninger i løypa. (Privat foto)

Det nærmar seg hundre påmeldte til Osløpet.

– Eg håper nokon også tar den fine 6,5 km lange løypa som ein marsj, seier William Lindborg.

Laurdag 19. august er Osløpet tilbake, for første gong på minst 14 år. Os Turn Friidrett og Os Sentrumsforening byr på desse distansane (sjå kart i bildeserien over):

• Barneløp (3-12 år), 520 meter i Os sentrum, start kl 12
• Stafett, 5 x ca 300 meter i og rundt Os sentrum, start kl 13
• Osløpet 6,5 km, 145 høgdemeter, start kl 14

Alle har start og mål på Torget i Os sentrum.

– Vi har 43 påmeldt til barneløpet, 5 stafettlag og 27 påmeldte til 6,5 kilometer, fortel William Lindborg, leiar i Os Sentrumsforening.

Han er nøgd med påmeldinga så langt, og reknar med det kjem fleire før helga - og på sjølve løpsdagen.

– Frå klokka 10 laurdag er vi på plass på Torget for å dela ut startnummer og for å registrera dei som vil melda seg på i siste liten. Vi tar imot påmeldingar nesten heilt fram til startskotet går.

Publikumsvenleg og mosjonvenleg

Barneløpet går ut Øyro, inn Telthuskvartalet over Kyrkjeflaten, vender ved Tanngarden , går inn Landboden og i mål.

– Her sender vi ut dei eldste litt før dei yngste, så det blir trygt og kjekt for alle. Vi har påmeldte i heile skalaen, frå 3 til 12 år.

Stafetten går ut Brugata med første veksling rett over brua, opp til og inn Finnebrekka, ned til gamlebrua og tilbake i Landboden inn til Torget.

– Det blir ein sprint-stafett med berre éin etappe med motbakke, frå brua opp Hatvikvegen til Finnebrekka. Eg vil tru at fleire som deltar i stafetten òg vil delta på 6,5 km.

Stafettlaga som er påmeldt til no er; Abo plan og arkitektur, Sprek & Blid (to lag), Opptur Motbakkeklubb og Os Turn Friidrett.

– Abo er einaste som er reint herrelag, dei andre stiller i miks. Det hadde vore fint om arkitektane hadde fått endå fleire firma å springa mot. Frå Os Turn kjem eit ungt lag, kanskje andre idrettslag vil prøva å matcha dei? undrast William.

Han har hatt fellestrening morgon og kveld før løpet, med 20-30 deltakarar på ettermiddagane og 2-6 om morgonane.

– Løypa over Moberg, ned Mobergsvikjo til Oseana, forbi sentrum, ut Strandvegen forbi Lyngheim, opp Solstrandvegen og ned igjen til Os er ei fin løype også for dei som vil mosjonera eller spasera.

– Eg vil tru at dei raskaste bruker under 30 minutt, mens mange nok vil ligga på mellom 30 og 50 minutt.

Med start og mål på Torget og Tore Kleppe som speaker trur Lindborg at arrangementet blir underhaldande også for dei som ikkje tar på seg joggesko denne dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.