Sport | 11. feb. 2016

– Sånn det skal vera i februar

OK pluss og middels minus er karakterane Sandal gir Lysekloster etter treningskampen mot Vestsiden-Askøy i kveld.

– Sånn det skal vera i februar
Hans Christian Nysæther, her mot Nest-Sotra 2 i fjor, var sterk på midtbanen og skapte brotet som førte til kampens einaste skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2016 21:27

Lysekloster har tapt 1-3 for Nest-Sotra og vunne 3-1 over Gneist i vinterens to første treningskampar.

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Torsdag kveld spelte dei mot Vestsiden-Askøy i Vestlandshallen. Vestsiden-Askøy rykte opp frå 4. divisjon i haust og skal spela mot Os i 3. divisjon avdeling 7 i år.

– Førsteomgang var bra, då fekk vi til mykje og den einaste sjansen motstandarane hadde var eit frispark. I andre omgang synest eg det blei litt juniorfotball. Når alle skal prøva å gjera det store så blir det lett brot imot. Eg forstår at dei gjerne tenkjer at 1-0 er for lite når du speler mot nokon du skal slå greit, men av og til kan 1-0 vera godt nok, det gjeld å halda hovudet kaldt, seier trenar Thomas Sandal.

– Vi testa ut eit par ting i dag, noko som var bra og noko som vi kan forkasta. Enkelte sto fram, andre har litt igjen, alt var i grunnen som det skal vera i februar.

Lysekloster - Vestsiden-Askøy 1-0 (1-0)
Målskårar, Lysekloster: Sigve Rørstad
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Gojko Ivkovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Baste Jonassen, Hans Christian Nysæther - Thomas Aarsund, Sigve Rørstad og Thomas Helland.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Hans-Christian Nysæther og Ken Joar Føyen.

Målet kom då Hans Christian Nysæther hadde ei god gjenvinning på midtbanen og Rørstad tok eit løp forbi to mann og runda keeper.

– Ein god prestasjon av begge to, meiner Sandal.

Ljubovic frå Fyllingsdalen har nett byrja å trena med Lysekloster og var med på kampen. Thomas Aarsund og Ken Joar Føyen som fekk sin første kamp med Lysekloster i førre treningskamp var òg med i denne, mens Ole Kristian Rødal og Velco, som og har vore innom, blir ikkje aktuelle for Lysekloster i år.

Neste treningskamp går heime mot Fana tysdag 8. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.