Lokal | 17. mai 2017

Sånn feira osingane ute i verda

Bildeserie: Vi har fått 17. mai-helsingar frå Japan, Houston, Dubai, Filippinene, Spania og FN-bygningen i New York.

Sånn feira osingane ute i verda
Sekkeløp i Dubai, hamring i Houston og flagging i New York.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. mai 2017 20:46

Bildeserie:

Familien Strønen van Dipten i Houston.
Familien Strønen van Dipten i Houston.
Mira A. Hjelle og ponnien Wifi i toget i Alfaz del Pi.
Mira A. Hjelle og ponnien Wifi i toget i Alfaz del Pi.
Hilde Sjøbø Asbjørnsen i New York, på jobb i FN-bygningen.
Hilde Sjøbø Asbjørnsen i New York, på jobb i FN-bygningen.
Hilde med kollegaer: Ei lita markering i arbeidstida.
Hilde med kollegaer: Ei lita markering i arbeidstida.
Halgeir Våge i Japan.
Halgeir Våge i Japan.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Eit kortreist lesarbilde, frå feiring i Os. F.v.: Mathilde Sandvik Eidhammer, Emma Christina Bjelland og Julie Marie Steensen.
Eit kortreist lesarbilde, frå feiring i Os. F.v.: Mathilde Sandvik Eidhammer, Emma Christina Bjelland og Julie Marie Steensen.
Familien Magnussen feira i Manila.
Familien Magnussen feira i Manila.
Der har dei budd med familie på seks i snart to år.
Der har dei budd med familie på seks i snart to år.
Sonane Thomas og Kristoffer heldt tale for dagen.
Sonane Thomas og Kristoffer heldt tale for dagen.
1 av 16
Familien Strønen van Dipten i Houston.
Mira A. Hjelle og ponnien Wifi i toget i Alfaz del Pi.
Hilde Sjøbø Asbjørnsen i New York, på jobb i FN-bygningen.
Hilde med kollegaer: Ei lita markering i arbeidstida.
Halgeir Våge i Japan.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Familien Arentzen i Dubai.
Eit kortreist lesarbilde, frå feiring i Os. F.v.: Mathilde Sandvik Eidhammer, Emma Christina Bjelland og Julie Marie Steensen.
Familien Magnussen feira i Manila.
Der har dei budd med familie på seks i snart to år.
Sonane Thomas og Kristoffer heldt tale for dagen.

Trudde du at du hadde ei varm feiring heime i Os i dag?

• Sjå bildeserie frå toget på Os og video frå Kyrkjeflaten

Andre osingar har feira i 38 gradar i Dubai, vore på jobb i den 39 etasjar høge FN-bygningen i New York og ridd ponni i toget i spanske Alfaz del Pi.

Midtsiden inviterte lesarar som ikkje feira i Os til å senda bilde til redaksjonen. Vi fekk meir enn vi kunne ha håpa på, frå Japan i aust til Houston i vest.

Amerikansk tjuvstart

Allereie tysdag kveld fekk vi bilde av fine, bunadskledde osingar som bur i den amerikanske byen Houston i Texas.

– Vi tjuvstarta og tok feiringa søndag, så flest mogleg kunne ta del i festen, fortel Linn Marita Strønen van Dipten.

Ho og familien på fire (+ hund, også han med norsk pass) bur i Houston.

– Med over 30 gradar og sol smakte det godt med is og norsk julebrus. Feiringa hadde vi på sjømannskirka, med tog, leikar og god mat, fortel Linn Marita, og gratulerer alle heime med dagen.

Vifta med flagget, måtte diskutera hopp og kombinert

Frå Tommy Hjelle, som bur i Spania med familien, har vi fått bilde av Mira, som stilte med ponnien sin Wifi i toget.

• Les òg: Viktor Hjelle i wakeboardkonkurranse i Spania

I USA var Hilde Sjøbø Asbjørnsen på jobb for FN, i det 39 etasjar høge hovudkvarteret i New York.

– Eg var på jobb, men passa på å markera dagen skikkeleg likevel, fortel Hilde.

I den andre enden av tidssonene, i Japan, var Halgeir «1/2» Våge tidleg ferdig med feiringa.

– Eg er på jobb her nede nokre veker, denne gong i Shikoku, i morgan skal eg vidare til Kyushu. Det er ei glede å oppleva japansk natur og kultur på reisene her nede, både 8. og 17. mai blei feira i Japan, fortel Halgeir, og legg til at han er takksam for alle som deler bilder på nett frå feiringa i Os i dag.

Han prøvde å vifta med norsk flagg i Uwajima i dag. Det endte med samtalar om skihopp og kombinert ...

Svømmekonkurranse i Dubai

Bjarte Arentzen kjem i juni heim til Os etter å ha budd 2,5 år i Dubai.

I dag feira han 17. mai saman med kona Marita Kristine Arentzen og Mie Kristine (6) - i 38 varmegradar.

– Vi starta dagen med frukost hos gode venar, som diska opp med eit deilig koldbord for store og små.

– Så reiste vi til sjømannskirka, der dei arrangerte 17. maitog for ungane og serverte pølser, brus, is og vaflar.

Etter sekkeløp blei det arrangert ein konkurranse vi neppe kjem til å adpotera til Os med det første - svømmekonkurranse med premie til alle!

120 på feiring i Manila

Tone Linn og Tommy Magnussen har budd med familie på seks i den filippinske hovudstaden Manila i snart to år.

– Vi var samla rundt 120 personar til tradisjonell norsk feiring med tog, pølser, vaflar og is, fortel Tone Linn.

Sonane Thomas og Kristoffer heldt tale for dagen, det var leikar for borna og feiringa blei avslutta med 17-maigudsteneste.

– Vi høyrer eigentleg heime i Lysefjorde, og ser fram til å koma heim på sommarferie om nokre veker, fortel familien Magnussen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.