Lokal | 26. apr. 2016

Sår tvil om Åsen - Helleskaret

Fylkesrådmannen sår i eit notat tvil om det er eit poeng å byggje ut fylkesvegen mellom Åsen-Helleskaret samstundes med E39. – SVV ser ikkje dei store innsparingane i samtidig bygging.

Sår tvil om Åsen - Helleskaret
Kommunen og interessentane i området jobbar for å få til ei realisering av fylkesvegarmen samstundes med bygginga av ny E39 (ill: Hordaland Fylkeskommune)
Andris Hamretirsdag 26. apr. 2016 07:12

I eit notat til utval for miljø og samferdsel i Hordaland Fylkeskommune trekk fylkesrådmannen i tvil om det er pengar å spare på å byggje ut fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret samstundes med E39.

– I møte mellom SVV (Statens Vegvesen Vest, journ.mrk) og HFK (Hordaland Fylkeskommune, journ.mrk) 14.04.16 kom det fram at SVV ikkje ser dei store innsparingane i samtidig byging. Massane frå tunelldriving på E39-prosjektet vil bli liggjande på riggområdet i Endelausemarka til prosjektet er ferdig i 2022, og blir då SVV sin eigedom, skriv fylkesrådmannen i notatet.

Bakgrunnen for notatet er at det i avtalen mellom Statens Vegvesen og Veidekke om bygginga av E39 mellom Svegatjørn og Fana ligg ein opsjon på ei samtidig utbygging. Opsjonen må innløysast innan 1. juli 2016 om ikkje Statens Vegvesen får utsetja opsjonen til 31.12.16.

– Må jobba endå hardare

Ordførar Terje Søviknes (Frp) orienterte formannskapet i sist møte om at saka kan koma opp i fylkestinget i juni, og at han jobbar med eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunen og dei private aktørane med interesser i området.

Oppdaterte tal på prosjektet syner ein kostnad på 61 millionar kroner inklusive mva.

– Dette gjer jo at vi berre må jobba enno hardare med spleiselaget med interessentane langs den nye fylkesvegen, kommenterer Søviknes når Midtsiden viser til brevet måndag kveld.

Kommunen har beramma eit møte med grunneigarar og interessentar onsdag denne veka.

Tre alternativ

Fylkesrådmannen avviser ikkje spleiselaget, men opnar samstundes opp for andre alternativ, kor det mest ytterleggåande er at ein ikkje fattar vedtak i 2016 og i staden lar prosjektet bli ein del av den regionale transportplan-prosessen (RTP).

Vedtak i junitinget 2016: For at fylkestinget kan gjera eit positivt vedtak på prosjektet, må finansieringa vera klar. I følgje SVV bør grunnerverv og byggeplanar vera ferdige om ein bestiller opsjonen innan 1. juli 2016. Os kommune arbeider for å ha klar finansieringsavtalar til fristen for junitinget.

Vedtak i oktober/desembertinget 2016: Dersom det er kurant å forlenga opsjonen, vil fylkesrådmannen leggja fram sak for fylkestinget hausten 2016 for å ha betre tid til sakshandsaminga og avtalar med utbyggjarar.

Ingen vedtak i 2016: Vegen kan byggjast på eit seinare tidspunkt. I 2022 vil SVV få hand om overskots- massane frå E39-prosjektet. Dersom det er lett tilgjengelege massar på eit tidlegare tidspunkt gjev dette også høve til realisering av prosjektet. Ekstrakostnaden er i så fall transport av massane, og eventuelt høgare riggkostnader. Prosjektet får då bli ein del av RTP-prosessen.

Om prosjektet skal vedtakast utanom RTP må følgjande vera oppfylt i følgje fylkesrådmannen:

  • Innsparing ved å realisera prosjektet samtidig med E39
  • Vesentlege bidrag frå utbyggjarar og/eller Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.