Næringsliv | 23. juli 2017

Satsar nytt i Bergen - køyrer vidare på Os

iSushi-eigaren ser tilbake på første driftsår i Os, samtidig har han opna diner i Bergen.

Satsar nytt i Bergen - køyrer vidare på Os
iSushi-eigar Roger Johannessen har i juli opna Roxy's Diner nær Bergen Kino. (Foto: Privat/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. juli 2017 07:33

Interessa var stor då den suksessrike kjeda iSushi etablerte seg på Os i april i fjor. Frå hovudfokus på take away fekk Os flaggskipet; både kaldtkjøkken og varmtkjøkken i ein fullinnreia restaurant.

– Dei fem vi har i Bergen er òg pussa opp og innreia med meir sitjeplass. Men Os er framleis den største, fortel kjede-eigar Roger Johannessen.

Men det har ikkje berre gått på skjener i Os.

Svak start i nytt terreng

Engasjementet var på topp under designing og bygging av iSushi Os ved Osbrua. Bankhvelvet etter Nordea blei brukt til varmtkjøkken, utanfor var eige sushikjøkken og den romslege restauranten fekk klar ein delikat uteservering til sommaren.

– Vi prøvde å laga ein kul plass med god mat og fine omgjevnadar. Det synest eg at vi fekk til. Men vi var nok ikkje flinke nok på å førebu oss på servering og rutiner. Dette med restaurant var nytt for oss, vi gjorde ein del feil og eg føler det gjekk ut over omdømmet vårt.

– Vi har nok heller ikkje vore gode nok til å engasjera oss i lokalsamfunnet, og det å finna tilsette frå Os har vore vanskeleg. Med aukande konkurranse har det òg blitt tøffare vilkår for oss.

Ny meny

Starten var god og hektisk, men det var ingen brakstart. Så gjekk omsetnaden ned. I mars i år blei varmmat-kjøkkenet stengt, no er det berre sushi på menyen, og take away er større enn restauranten.

– Skulle du ønskt at du bygde ein tilsvarande iSushi som andre stadar, i staden for dette flaggskipet på Os?

– Når det blei som det blei så kunne eg like gjerne gjort det, men vi har framleis ein fin stad og marknaden kan endra seg.

Roger har sjølv fått høyra rykte om at iSushi Os skal leggast ned.

– Det er feil, vi held oss til leigekontrakten, som er på fem år. Vi held fram og vi fornyar oss. Take away har auka, spesielt etter at vi kom med den nye menyen, og det kjem fleire andre nye innslag på menyen i tida som kjem.

iSushi vil no engasjera seg endå meir for å bli ein del av lokalsamfunnet i Os.

Johannessen gler seg òg til Osfest, der iSushi skal levera mykje mat til festivalområdet. Før festivalen skal dei ha nokre konkurransar der dei deler ut festivalpass.

Opna amerikansk diner i Bergen

Tidlegare i sommar, 11. juli, opna Johannessen ein heilt ny type restaurant, ein amerikansk diner med burger, spareribs, milkhakes og coctails som spesialitetar.

Ikkje heilt ulik Er-An Veikro i Os, med ifølgje Johannessen med inspirasjon frå heilt andre stadar.

- Eg har alri vore inne på Er-An Veikro, bortsett frå då eg ville sjå litt på sofaløysingane deira før etableringa av iSushi på Os. Men eg har vore på mange andre dinere når eg har vore på reise, og eg har lest om suksessen til Er-An Veikro, og eg har veldig sans for desse amerikanske retro-konsepta.

Restauranten ligg i Teatergaten, mellom teateret og Konsertpaleet (kinoen), og Johannessen håper denne kan slå godt an både hos familiar på dagtid og venegjengar på kveldstid.

Kjøkkenet stenger klokka 22, men Roxy’s Diner har ope til klokka 1, med alle rettigheiter, i forsøk på å etablera ein fin vorspielplass, litt i same gate som Fridays.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.