Næringsliv | 16. mars 2011

Satsar på sitjeplassar

Fredag opnar båtmessa i Oslo, og Askeladden har nok ein ny modell med seg, «sosiale» C62 X-over.

Satsar på sitjeplassar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. mars 2011 14:37

Under Dra til Sjøs i Bergen i februar var Askeladden P66 Weekend den viktigaste nyheten frå osingane, under Sjøen for Alle, som startar førstkomande fredag har dei både P66 Weekend og ein flunkande ny daycruiser med i utstillinga si.

- Den kjem rett frå fabrikken til messa, fortel marknadssjef Leif Bergaas.

Same skrog som Cruiser

At båten førebels ikkje har vore i sjøen har neppe noko å bety, for Askeladden C62 X-over er bygd på det same skroget som populære C62 Cruiser, ein modell Askeladden lanserte under messa Båter i Sjøen hausten 2010.

- Den største forskjellen er den store cockpiten i C62 X-over, båten har heile sju sitjeplassar og sitjegruppa kan setjast saman og kombinerast på fleire måtar.

Bygg din egen sofakrok

Fordelane frå Cruiser er tatt med, med god vindskjerming og kalesje. Samstundes er sjølve skjermen trekt fram for å gje maksimalt med plass i cockpit.

- Sete- og puteløysningane representerer verkelig nytenking. Desse kan setjast opp som alt frå solseng til partykrok med bord g U-sofa, eller som ein enkel benk akter med stor dekksplass til fiske og vannsport.

Båten er konstruert for outboard inntil 150 HK og har eit fartspotensiale på cirka 33 knop.

Standardutstyr: Full instrumentering, lanterner, hydraulisk styring, puter, solseng, kalesje med kalesjebrønn, automatisk og manuell lensepumpe m.m.
Tilleggsutstyr: Spyletoalett med septiktank, vannskikrok og hamnepresenning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.