Fleire patruljer og innsatsleiar frå byen var med på aksjonen i 20-tida onsdag kveld. Aksjonen hadde ikkje noko med butikken i bakgrunnen å gjera. (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sett i arresten

Promillekøyring med ATV på Halhjem, lastebil som sperra for sikt i Lepsøykrysset og mann pågripen i narkoaksjon i Byvegen.

Av: Andris Hamre

I 20-tida onsdag kveld gjennomførte politiet ei ransaking på ei adresse i Os sentrum med fleire patruljar.

– Det blei funnen diverse narkotika på adressa og ein mann i 20-åra blei pågripen, fortel Rune Fimreite, politiførstebetjent ved Os lensmannskontor.

Mannen blei teke med og sett i arresten.

– Han vil bli avhøyrd i dag, er den knappe kommentaren frå politiet.

Fyllekøyrde på ATV

Tidlegare på ettermiddagen, i 17-tida, møtte politiet ein mann på ein ATV på Halhjem som dei mistenkte køyre i berusa tilstand.

– Han framsto som påvirka av alkohol, noko indikatorane i alkometeret vårt stadfesta. For å ha holdbare bevis i retten blei han tatt med til legevakta for blodprøve, forklarar Fimreite.

Sendte vogntog vidare

Patruljen frå lensmannskontoret var òg ute på E39 for å senda eit vogntog som hadde parkert på busslomma rett sør for Lepsøykrysset vidare.

– Kjem du frå Grindavoll og ut i Lepsøykrysset har du full stopp før du kan køyra inn på E39. Vogntoget sto slik plassert at bilistane i krysset ikkje såg om det kom bilar sørfrå. Vi ba difor sjåføren om å køyra litt vidare, slik at det igjen blei fri sikt i krysset.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.