Målfrid Pettersen Lunde sette ny personleg rekord i tresteg med 11,70 under stemnet i Sverige (privat arkivfoto)

Sette ny pers etter 1000 km i bil

Målfrid Pettersen Lunde med ny personleg rekord og sterk 6. plass i internasjonalt felt i Helsingborg.

Av: Andris Hamre

Tresteg-hoppar Målfrid Pettersen Lunde frå Os har brukt dei to siste helgene til å delta på stemner i Sverige.

– Eg gjekk skadd i vinter og har ikkje fått konkurrert noko særleg. Difor er det deilig å vera i gang igjen, fortel Pettersen Lunde på veg heim frå Helsingborg etter til saman 2000 kilometer i bil, berre denne helga.

Følte ho hadde meir inne

Førre helg deltok Målfrid i eit stemne i Gøteborg.

– Det var ei god konkurranse og høgt nivå. Sjølv hadde eg ikkje heilt dagen og følte eg hadde meir inne. Difor fann vi ut at eg skulle melde meg på i Helsingborg denne helga, sjølv om det blei mange kilometer i bil og det var verdt turen.

Sterkt resultat i tøff konkurranse

I Helsingborg, i Øresundspelet, kor deltakarar frå meir enn 10 land deltok, sette ho nemleg ho ny personleg rekord i tresteg med 11,70 og tok seg til finalen blant dei 21 deltakarane i kvinner seniorklassen.

– Hoppet mitt heldt til ein sjetteplass, noko eg er godt nøgd med. Det viktigaste var at eg kjenner at formen no er stigande.

– Kva er det neste store på programmet no då?

– Det neste er junior-NM i Harstad i byrjinga av august og så er det senior-NM i Sandnes etter det, avsluttar Målfrid Pettersen Lunde.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.