Kultur | 21. feb. 2015

Sauen Shaun i storbyen

Også dette året blir det tilbod om kino i Oseana i vinterferien.

Sauen Shaun i storbyen
 Sauen Shaun. Foto/Copyright: SF Norge AS
Kari M. Lyssandlørdag 21. feb. 2015 08:09

Oseana gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til vinterferiekino måndag 23. februar kl. 12.00.

Då viser Bygdekinoen den heilt nye filmen om Sauen Shaun.

Mange born kjenner historiane om Sauen Shaun frå Barne-TV. Han er ein smart og rampete sau som bur saman med flokken sin, under tilsyn av bonden og den velmeinande, men lite effektive gjetarhunden Blitzer. Til tross for Shaun sin innsats for å sprite opp dagleglivet på garden, har livet blitt rutine, og Shaun pønskar ut ein utspekulert plan. Han vi ha ein fridag!

Men ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg. Shaun rotar det til då ein rampestrek gjer at bonden blir innelåst i ei campingvogn, og det blir ikkje betre då den plutseleg rullar av garde mot storbyen. Shaun og flokken hans bestemmer seg for å reise frå garden for å redde bonden, og det blir starten på eit spennande eventyr med masse morosame påfunn heile vegen.

Filmen varer i 1t 25min og er tilleten for alle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.