Lokal | 31. mars 2015

– Scenen er open!

Skjærtorsdag blir det jam på Solsiden. – Mange har etterlyst det, så no gjer vi eit forsøk, fortel barsjef Michael Hansen.

– Scenen er open!
Kjetil Osablod Grønvigh og Michel Hansen satsar på musikalsk påskegodt når dei inviterar til jam skjærtorsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 31. mars 2015 07:06

Bildeserie:

Husbandet består av Hans Marius Johnsen, Kjetil Osablod Grønvigh, Jonny Berven og Åse Kristin Urdahl (privat selfie)
Husbandet består av Hans Marius Johnsen, Kjetil Osablod Grønvigh, Jonny Berven og Åse Kristin Urdahl (privat selfie)
1 av 1
Husbandet består av Hans Marius Johnsen, Kjetil Osablod Grønvigh, Jonny Berven og Åse Kristin Urdahl (privat selfie)

Med seg som husband har han fått Kjetil Osablod Grønvigh, Hans Marius Johnsen, Jonny Berven og Åse Kristin Urdahl.

– Dette er vel den n´te versjonen av jam i osbygda eg er med på.

– Men jam er så gøy at eg kunne ikkje seie nei då Michael spurte, fortel Kjetil Osablod Grønvigh.

Lavterskel

Dei to lovar at scene er open for alle som vil dra ei låt eller to.

– Dette skal vera ein lavterske jam, men på ein god måte.

– Husbandet, står klare om det er nokon som vil ha backing, ellers er det berre å gripa gitaren og slå seg laus.

– Her skal det vera bring it on for alle og ein kvar.

Nabovennleg

Litt utfordrande har det vore i planlegginga av korleis dei på ein best mogleg måte skal ta omsyn til naboane.

– Sist eg spelte her med Hans Marius Johnsen måtte vi stoppa konserten ein halvtime før planen fordi trommene og bassen forplanta seg oppover i garden.

– Difor har eg svelga ein kjempe el-tromme-potet og speler på dei på torsdag.

– Det blir som å sova i eit dynetrekk laga av glava, men det skal gå det òg.

– Bandet har "øvd" inn 20 låtar med eit vidt spekter. Om vi ikkje har lært oss dei heilt, så kan vi i allefall nokre strofer.

– Det er det som er jam. En startar med nokre akkordar, så ser vi kor det går, smiler Osablod Grønvigh.

Har vore etterspurt

Barsjef Michael Hansen er glad dei har fått til ein jam skjærtorsdag.

– Vi kjem til å ha fullt program heile påsken med starta allereie på onsdag.

– DJ AB spelar onsdag og sundag, fredag og laurdag er det pianobar med for oss ein heilt ny pianist, Kent Lundin.

– Men den store happeninga blir utan tvil torsdagen med jammen.

– Eg har ikkje tal på kor mange som har kome i baren og spurt om ikkje vi kunne ha det, så no gjer vi det.

– Blir det ein sukess, kan det vera at vi køyrer det med ujamne mellomrom gjennom året, seier Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.