Kultur | 22. mars 2018

– Seier du torsk eller tøsk?

Søre Øyane barneskule med stort prosjekt om eigen heimkrins.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 22. mars 2018 15:31

Den siste veka har elevane ved Søre Øyane barneskule jobba med eit stort prosjekt om sin eigen heimkrins.

Alle dei 127 elevane på skulen har deltatt. Elevane var delte inn i fire grupper, blanda frå 1. til 7. klasse, og har jobba med alt frå dialekta i Øyane til kartlegging av ulike mattradisjonar og lærdom om leikar frå gamledagar og tekniske fakta om bruene i øysamfunnet.

Nokre elevar har vore journalistar og vore ute og intervjua dei næringsdrivande i krinsen.

– Hovudfokus har vore på lesing og skriving, men elevane har naturlegvis lærd mykje meir i samband med prosjektet, seier rektor Gunnhild Hansen.

Elevar, føresette, besteforeldre og andre frå Øyane har og vore deltakande i planlegginga av prosjektet saman med engasjerte lærarar og andre tilsette.

Vi var utom då prosjektet i går blei avslutta med utstilling og kafé, med servering av lappar og fiskekaker, i gymsalen på skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.