Lokal | 24. nov. 2015

Seier nei til statleg innblanding

Kommunalsjefen vil framleis ha omsorgstenestene på kommunale hender og seier nei til å vera med på statleg prøveprosjekt.

Seier nei til statleg innblanding
Kommunalsjef Nils-Petter Borge gjorde greie for ordninga under budsjettkonferansen i byrjinga av november (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 24. nov. 2015 14:18

På budsjettkonferansen for formannskapet i starten av november freista kommunalsjef for pleie, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge å gjera greie for kva som låg i dei to alternativa for det politiske prestisjeprosjektet «Statleg finansiering av omsorgstenesta». Tilliks med sjefane i helsedirektoratet hadde kommunalsjefen problem med å svara på alle spørsmåla frå politikarane.

Årsaka var at dokumenta var så ferske at han ikkje hadde rekt å setta seg inn i alle sider av dei to forslaga, men han lova å komma tilbake til formannskapet med ei eiga sak til møtet 1. desember (som òg er fristen for å søka om å vera med på prøveprosjektet, red.mrk).

Frarår deltaking

No er Borge krystallklar. I sitt framlegg til vedtak skriv han «Os kommunestyre vedtek at vi ikkje deltek i dette prosjektet».

I saksutgreiinga gjer kommunalsjefen ytterlegere greie for dei to alternativa, gråsoner og orienterer om val andre kommunar har gjort, og er i ferd med å gjera i samband med organiseringa av sine omsorgstenester.

Fryktar meir byråkrati og mindre fleksibilitet

Mellomanna er fleire bydeler i Oslo i ferd med å prøva ut ein modell som vert nytta i København, der ein går tilbake til ein modell lik den Os kommune nyttar i dag.

– Det vil sei ein modell som vert basert på tillit, god og tett kommunikasjon og samarbeid mellom bestillar og utførar. Vi har gode erfaringar med den modellen i Os.

– Vi har i dag ei god omsorgsteneste i alle ledd. Vi har stor fleksibilitet og effektivitet i begge system og finn mange gode, av og til utradisjonelle løysingar, til beste for brukaren. Vi er redd vi vil miste mykje av denne fleksibiliteten dersom det er staten som skal definere og styre kva tenester vi skal tilby våre brukarar, og vi må byggje opp eit byråkrati med auka fokus på kontroll og møtevirksomhet.

– Ei anna utfordring er at vi ser eit negativt avvik i dei timesatsar direktoratet brukar og dei som er faktiske i Os. Vi er urolig for korleis konsekvensane blir, om dei 4% som påslag er nok til å dekke dei faktiske meirkostnadane vi vil få.

– Vi er også urolege for kva som skjer når prøveperioden er over, kva då med dei ekstra årsverka vi har styrka forvaltninga med? Vi må pårekna 3-4 ekstra årsverk i forvaltninga for å ta hand om desse oppgåvene som vedtak, rapportering og internregnskap på ein forsvarleg måte, skriv Borge.

Lite positivt å henta

Sjølv om han ikkje finn mykje positivt med forsøksordninga har kommunalsjefen funne eit par områder som kan gje positiv verknad.

– Det som kan vere positivt ved å delta i eit slikt prosjekt er at vi vil få fleire tenester inn i bestillarkontoret, til dømes rus og psykiatri, og at vi kanskje vil bli meir profesjonelle ved at vi får tett oppfølging frå helsedirektoratet.

– Vi kan ikkje sjå at vi har så mykje anna å hente ved å delta i dette forsøket, konkluderar Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.