Lokal | 20. apr. 2017

Seks mangla belte i buss

Seks personar, ein sjåfør og fem yngre menn fekk 1500 kroner i gebyr for ikkje å bruka setebelte i buss.

Seks mangla belte i buss
Statens Vegvesen hadde kontroll i Hjellemarka onsdag (arkivfoto: AH)
Andris Hamretorsdag 20. apr. 2017 06:34

Statens vegvesen gjennomførde ein kontroll på E39 ved Hjellemarka mellom klokka åtte og fjorten onsdag førmiddag.

– Det blei kontrollert åtte bussar for bruk av setebelte. Det var relativt få passasjerer i bussene, men likevel skrive ut gebyr til ein sjåfør og fem yngre menn fordelt på fire bussar, fortel Tom Børslid i Statens Vegvesen.

Kvart av gebyra var på 1500 kroner.

Eitt førarkort og to vognkort

Totalt kontrollerte vegvesenet sine tre kontrollantar nitten køyretøy.

– I tillegg til gebyra for manglande setebelte fekk tre køyretøy skriftlege manglar på diverse lys, ein fekk gebyr for manglande førarkort og to for manglande vognkort, men jamnt over var ting likevel på stell.

Gebyr for manglande papirer er på 500 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.