Sport | 06. jan. 2018

Seksti ungdommar og 400 kjegler

Nytt treningstilbod til ivrige fotballspelarar på Kuventræ.

Seksti ungdommar og 400 kjegler
Nytilsett spelarutviklar, Ørjan Sandal, med klare instruksjonar til spelarane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. jan. 2018 14:16

Laurdag inviterte Os Fotball til den første av ei rekkje superweekender på Kuventræ. I kaldt, men fint vêr fekk seksti ungdommar fødd mellom 2002 og 2005 prøva seg på nye øvelser under instruksjon av nytilsett spelarutviklar Ørjan Sandal.

– Det var deilig å ikkje vera den som skulle legga planen for økta, men berre møte opp og hjelpe til, smilte dagleg leiar Endre Brenne då Midtsiden var oppom.

Høgt tempo på små flater

Då vi var oppom gjekk det i høgt tempo med raske ballberøringar i ein liten firkant.

– Hold tempo, hent ny ball, ikkje utanfor linja, kom dei kjappe ordrane frå nyetrenaren.

– Dette er eit tilbod på tvers av laga, for både guter og jenter. Tilbodet er til dei som har lyst til å trena litt ekstra. Dei må også få moglegheiten, forklarte Brenne.

– Det er første gang vi har dette tilbodet, men planen er å ha det med jamne mellomrom utover vinteren.

– Ein liten funfact er at vi satte opp 400 kjegler i forkant av treninga for at det skal gå raskast mogleg no under treninga. Det var litt av ein jobb, men berre kjekt når ein ser korleis ungdommane utfoldar seg på banen, smilte Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.