Sport | 04. mai 2016

Sekundstrid heilt inn

Det blei jamnt på Trimmingseilasen tysdag. Berre to sekund skilte dei to raskaste båtane Stella og Piano.

Sekundstrid heilt inn
Det blei jamnt under trimmingseilasen tysdag (privat foto frå Tina II)
Andris Hamreonsdag 04. mai 2016 07:07

Bildeserie:

Resultata frå trimmingseilasen tysdag 3. mai
Resultata frå trimmingseilasen tysdag 3. mai
1 av 1
Resultata frå trimmingseilasen tysdag 3. mai

Tysdag inviterte Os seilforening til sesongens andre trimmingsseilas, kor turen gjekk frå Strøneosen til Bleikja ved Kolbeinhavn i Austevoll og tilbake til mål i Strøneosen. Fine seilforhold gav eit tett og jamnt race.

– Dette skulle bli ein sekundstrid inn mot mål. Sjølv om båtane har forskjellig rating tall blei resultatet ørsmå når vi nyttar ein kombinasjon av Tid på Tid og Tid på Distanse som vil gje ein faktor for vindstyrken.

– Tina II gjekk først over målstreken, tett følgd av Ina Kristine og Brikten før resten av båtane kom som perler på ei snor, fortel Svein Skoglund i seilforeningen.

Når arrangørane hadde fått korrigert tidene skilte det berre to sekund mellom Stella på 53:53 og Piano på 53:55. Tina II kom på tredjeplass berre femten sekund bak der igjen (sjå komplett resultatliste ovanfor).

Ulike vegval

Skoglund fortel at det var gode forhold tysdag.

– Ei utfordring er kva kurs ein skal velgje. Skal ein gå rett over fjorden for så å slå sørover langs Austevoll, eller skal ein settje kursen mot Reksteren for så å seile over fjorden direkte mot Bleikja.

– Som vanleg delte båtene seg på dei forskjellige kursane, men når dei nærma seg runding var dei samla igjen, fortel Skoglund.

5 - 7,5 knop

Først ved runding var Brikten og Ina Kristine frå første start, tett følgd av Tina II, Tussi og Piano frå andre start.

– Etter runding kom sinnakerne opp og kursen blei satt direkte tilbake mot Strøneosen med platt lens, vinden rett bakfra.

– Vinden løya noko på veien tilbake, men båtene heldt mellom 5 og 7,5 knop, noko som er ein fin fart, fortel Skoglund, som håper det snart er enno fleire båter som er klare for å starte på den faste tirsdagstrimmen.

– Har du seilbåt er det berre å melde seg på til fine opplevelser saman med oss på fjorden, avslutter Skoglund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.