Lokal | 17. des. 2014

Sel for 13,7 millionar

Kommunen sel tomt i Kolskogen for 13,7 millionar til vegvesenet. Bøe & Lepsøy AS får 3,25 millionar i kompensasjon.

Sel for 13,7 millionar
Det blei hektisk møteverksemd då tomtesalet skulle diskuterast. Her opposisjonspartia i gruppemøte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. des. 2014 11:27

Bildeserie:

Tomta i Kolskogen ligg bak det gule huset til venstre i bilete (foto: KVB)
Tomta i Kolskogen ligg bak det gule huset til venstre i bilete (foto: KVB)
1 av 1
Tomta i Kolskogen ligg bak det gule huset til venstre i bilete (foto: KVB)

Det var hektisk møteverksemd i rådhuset tysdag kveld. Både formannskapet, kommunestyret og partia måtte gå ekstra runder med seg sjølv for å diskutera sak om grunninnløysing E39 Svegatjørn-Rådal.

Diskusjonane var lukka for pressa og publikum, men Midtsiden har no fått resultata.

– Det det gjekk på var avhending av 100 mål i Endelausemarka frå kommunen sin eigedom til Statens Vegvesen.

– I tråd med etablert praksis, kor Statens Vegvesen byggjer ein veg som tilfører området ny verdi blei summen satt til null kroner.

– Altså ei rein eigedomsoverdraging frå kommunen til vegvesenet, forklarar ordførar Terje Søviknes (Frp).

Sel for 13,7 millionar

Større utfordringar gav truleg tomta i Kolskogen kor kommunen tidlegare hadde forbrenningsanlegg og kor grunnene nok er forureina. Tomta ligg bak Steinsenteret mot Svegatjørn og skal nyttast til kontrollsone for tyngre køyrety når nye E39 står ferdig. Totalt er tomta på 10,6 mål.

– Den tomta sel vi for 1300 kroner per kvadratmeter, totalsummen blir då 13,7 millionar kroner.

– Det er i tråd med den taksten som er satt på eigedommen og det statens vegvesen vil betala.

– I tillegg har vi fatta vedtak om at vi i avtalen med vegvesenet skal ha inn eit punkt kor vi ikkje tek ansvaret for den forureininga som eventuelt ligg i grunnen.

Hadde allereie avtale om sal

Problemet kommunen kom opp i var at kommunestyret allereie i 2004 inngjekk ei avtale med Bøe & Lepsøy AS om at dei skulle ha førsterett på å kjøpa delar av arealet, nærare ei bestemt 8 mål, om kommunen seinare skulle avhenda den.

– Prisen den gongen blei satt til 300 kroner kvadratmeteren.

– Av forskjellige grunner blei aldri den avtalen effektuert.

– Det har gått lang tid sidan det vedtaket, men det har vore kontakt mellom kommunen og Bøe & Lepsøy heile vegen.

– Det siste var at vi blei einige om å venta.

– I kommunestyret gav vi rådmannen fullmakt til å kompensera Bøe & Lepsøy for den prisstigninga som har vore med inntil 3,25 millionar kroner mot at dei seier frå seg forkjøpsretten, forklarar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.