Næringsliv | 24. mars 2016

Sel bruktbåtar for 100 mill i året

Ståle Daae Børnes slo seg opp då båtmarknaden var på veg ned – og forelska seg i Os frå lufta.

Sel bruktbåtar for 100 mill i året
Ståle Daae Børnes blei arbeidsledig året etter at han flytta til Os, men var rask med å starta for seg sjølv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mars 2016 20:28

Bildeserie:

Frå basen i Blaauwgården selte han 84 store bruktbåtar i 2015.
Frå basen i Blaauwgården selte han 84 store bruktbåtar i 2015.
Statsministeren var blant kundane.
Statsministeren var blant kundane.
Bergen Marinesenter er fast utstillar under Tysnesfest.
Bergen Marinesenter er fast utstillar under Tysnesfest.
Kontoret i Bergen er passeleg maritimt innreia.
Kontoret i Bergen er passeleg maritimt innreia.
1 av 4
Frå basen i Blaauwgården selte han 84 store bruktbåtar i 2015.
Statsministeren var blant kundane.
Bergen Marinesenter er fast utstillar under Tysnesfest.
Kontoret i Bergen er passeleg maritimt innreia.

Han trengte ikkje ønskja seg mykje til 42-årsdagen i dag, Ståle, som i går selte båtar for 9 millionar kroner.

– Det var litt tilfeldig at det blei to store sal på éin dag, ein Sealine 39 fot og ein Azimut 58, men det har vore eit bra år med 18 store båtar så langt, seier Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter AS.

Dei siste åra har han selt brukte båtar for rundt 100 millionar kroner i året. Mesteparten av omsetnaden går direkte frå kunde og pengane blir ståande på klientkonto, likevel står selskapet med 29 mill og 3,3 millionar i driftsresultat i 2014.

– Nokre av dei 29 millionane kjem frå båtar eg har kjøpt inn for å selja vidare, gjerne som utløysande faktor for en eller fleire handlar, men dei fleste sel eg for kunde.

I 2015 selte han 84 bruktbåtar på i snitt 40 fot.

Starta då «alt» gjekk gale

Børnes var maskinist og maskinsjef i Marinen i 13 år før han byrja å selja båt for Frydenbø Båtsenter og seinare Norsk Båtsenter.

Så kom nedturen i 2008 med den påfølgjande konkursen i Johs Lunde Marine Group, som han jobba for, tre år seinare.

– Eg fann ut at det var enklare å starta firma enn å melda meg arbeidsledig.

Mens han venta på time med rådgjevar hos Nav, for å bli guida gjennom skjemaveldet, tok tidlegare kundar kontakt for å spørja om han kunne hjelpa dei å selja båten deira. Ståle starta SDB Holding AS som eig Bergen Marinesenter AS.

Såg Øyane frå lufta

Han hadde sambuar frå Os som prøvde å lokka han til å flytta til heimbygda si. Det lykkast ho ikkje med før Ståle var på veg inn for landing på Flesland.

– Eg såg Søre Øyane frå lufta og sa «greit, viss vi flyttar i Øyane».

I 2010 blei det flytting og Ståle set framleis pris på å bu ved Bjørnafjorden trass i at kontoret og butikken ligg ved Vågen i C. Sundtsgaten i Bergen.

– For det første er det ein god plass å bu, for det andre klarer eg av og til å ordna visning i Øyane. Då blir det garantert sal, å møta kundane over ein skillingsbolle på Vedholmen Landhandel er ein sikker vinnar.

– Det har dessutan blitt fleire kundar i nabolaget, eg selte nyleg min femte båt for kunde frå Øyane.

Daae Børnes set òg pris på godt samarbeid med Askeladden Boats og Tøsdal & Nordstrønen Motorservice i heimbygda Os.

Vil ha heile «flåten» i hovudet

Frå starten i mars 2011 til desember same år, framleis i ein vanskeleg marknad, selte Ståle 29 båtar. Frå 2012 til 2014 var det nesten ein dobling av omsetnaden og 2015 blei endå betre.

– Eg hadde ikkje venta så stor fart i år, men starten på 2016 har vore veldig god.

– Kor mange båtar plar du ha for sal til same tid?

– Eg prøver å halda meg til større båtar og til ei mengde på 20-30. Då har eg mesteparten av tekniske data på alle båtane i hovudet.

– Kvifor vel folk å selja og kjøpa via meklar? Sel du med garanti?

– Det handlar nok mykje om tryggleik og nettverk, nokre vil eg skal skaffa dei ein større båt og samtidg selja den førre. Eg sel ikkje med garanti, eg er berre eit mellomledd som jobbar for å ta vare på både seljar og kjøpar si interesse. Eg held meg til nyare bruktbåtar og sjekkar historikken til båten.

– Servicehefte og ein gjerne ein telefon til verkstaden der desse er utført på er med på å gjera meg kjent med båten eg skal selja, seier Ståle Daae Børnes, som ser fram til resten av båtsesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.