Næringsliv | 24. okt. 2014

Selte for 4,5 milliardar kroner

Det er over 500 aktive aksjeselskap i Os kommune. I fjor auka dei omsetnaden med til saman 300 millionar kroner!

Selte for 4,5 milliardar kroner
Aksjeselskapa i Os kommune auka inntektene og lønsutgiftene i fjor, men ikkje resultatet. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. okt. 2014 09:00

Rekneskapstal for 2013 viser samla sett god vekst for aksjeselskapa, og andre selskap som offentleggjer rekneskapen (som ASA, enkelte DA og NUF) med adresse i Os kommune.

Det er i skrivande stund 800 aksjeselskap i år, før 2014 var det 740 og 728 aksjeselskap leverte rekneskap for 2013.

543 aksjeselskap i Os leverte rekneskap med omsetnad på over 1000 kroner.

Opp i inntekt - ned i resultat

I 2011 var samla driftsinntekter 4,06 milliardar kroner, i 2012 hadde det auka til 4,23 milliardar og i 2013 passerte vi 4,5 milliardar kroner.

Samla tal for firma i Os
Driftsinntekter: 4,528 milliardar kroner
Resultat før skatt: 452,2 millionar kroner
Årsresultat: 341,8 millionar kroner

Samla årsresultat gjekk kraftig ned, frå 641,1 millionar året før, men er likevel høgare enn 2011, då selskapa i Os samla sett gjekk 246,7 millionar i pluss.

Dei tilsette i selskapa auka samla sett med over 50 millionar kroner i lønn, frå 1,102 til 1,153 milliardar kroner.

Det blei tatt 90 millionar kroner i utbyte mot 85 millionar i 2012.

Langt lågare enn Austevoll

Samanlikna med andre kommunar rundt Bjørnafjorden er 4,5 milliardar kroner, med Os sitt folketal, ikkje så mykje.

• Selskapa i Fusa hadde driftsinntekter på 3,542 milliardar kroner, ei auke på 340 millionar frå 2012. Utan Frank Mohn ser det ikkje like stort ut i nabokommunen over fjorden, Frank Mohn Fusa AS sto med 1,455 milliardar kroner for om lag ein tredel av dei samla driftsinntektene.

• Austevoll kommune ligg langt høgare, selskapa i fiskerikommunen omsette for til saman 10,8 milliardar, også dei med litt vekst frå 2012.

• Selskapa i Tysnes omsette for 1,268 milliardar kroner, selskapa i Samanger for 324 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.