Jubel etter 3-0-siger i kvartfinalen fredag morgon. Laurdag blir det bronsefinale på jentene. (Privat foto)

Semifinale avgjort i ekstraomgangar

Norway Cup: Nore Neset J14 fekk ein thriller av ein kamp i ettermiddag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag morgon vann dei 3-0 i kvartfinale i A-sluttspelet i Norway Cup, klokka 14 i dag spelte Nore Neset J14 semifinale mot Lambertseter.

Det sto 0-0 etter full tid og kampen om finaleplass gjekk vidare til ekstraomgangar.

Laget har takla ekstraomgangar bra tidlegare, som i fjor, då dei vann finalen i Sør Cup på golden goal.

I dag var det òg golden goal, men Lambertseter skåra og Nore Neset måtte sjå seg slått.

– Det føles urettvist. Dei hadde tre redningar på strek, men klarte å avgjera to minutt før slutt, seier Morten Døsen frå Nore Neset il.

Nore Neset er framleis vidare, no ventar bronsefinale laurdag morgon klokka 08.00 på Ekeberg bane 3.

Klokka 17 i dag speler Os G17 sin semifinale.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.