Lokal | 04. juli 2017

Sender saka til fylkesmannen

«Hamnesjefen» • Vedtaket om løyve til å felle knoppsvanehannen i Os hamn, går no til fylkesmannen.

Sender saka til fylkesmannen
Vedtaket om å avliva «Hamnesjefen» går no til Fylkesmannen for vurdering om han skal nytta klageretten etter naturmangfaldlova (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 04. juli 2017 12:39

Os kommune fatta tysdag ettermiddag vedtak om å gje løyve til å felle «Hamnesjefen».

«Os kommune gjev løyve til å felle ein knoppsvanehann, også kjent som «Havnesjefen».

Løyvet gjeld frå 23.07.17 og 14 dagar fram. Resultat og effekt av tiltaket skal meldast til landbrukskontoret.

Vedtaket har heimel i naturmangfoldlova §18 tredje ledd første punktum.

Uttak etter denne delegasjonen reknast ikkje som enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.»

Kun fylkesmannen kan klaga

Ordførar Marie Bruarøy (H) fortel at reaksjonane etter at vedtaket blei kjend ikkje har latt venta på seg.

–Det er mange som har ønskja å klage på vedtaket. Men det har dei ikkje anledning til. Dette er ikkje eit enkeltvedtak og kan difor ikkje påklagast, fortel Bruarøy.

Men det er ein part som har klagerett. Kommunen har, som Midtsiden skreiv i går fatta vedtaket etter delegasjon frå Miljødirektoratet og med heimel i naturmangfaldlova.

– I §62 i naturmangfaldlova står det at fylkesmannen har klagerett over vedtak truffet av kommunen etter delegasjon, fortel ordføraren.

– Difor sender vi no heile vedtaket vårt over til fylkesmannen for avgjerd. Då kan han vurdera om sakshandsaminga er rett, om grunnlaget for vedtaket står seg etter lova, og om han ønskjer å påklaga vedtaket, supplerer rådmann Christian F. Fotland.

– Saka ligg no i fylkesmannen sine hender.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.