Lokal | 16. juli 2014

Sendt rett i soning

Guten (19) som er mistenkt for innbrotet på Os vidaregåande skule måtte rett i fengsel for andre forhold.

Sendt rett i soning
Politiet håpar å kunne få rettsforhandlingar for dei nye forholda medan guten no sonar tidlegare forhold (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 16. juli 2014 07:33

Mandag morgon blei det meldt om innbrot ved Os vidaregåande skule. Politiet fekk raskt mistanke om kven som kunne vera gjerningsperson og fann tysdag diverse tjuvegods hos ein 19 år gamal gut.

– Det viste seg at han hadde eindel andre saker på seg.

– Han hadde òg ein to månader lang dom som han snart skulle sona. Det blei difor beslutta at denne skulle iverksettast umiddelbart, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Håpar på forlenging

Medan guten no sit fengsla håpar politiet at dei kan få opp i retten dei andre forholda guten er mistenkt for.

– Han har ytterlegere saker, i tillegg til mistanken om innbrotet no på mandag som ikkje har vore handsama i domstolen.

– Vi håpar å få til rettsforhandlingar medan han no sonar, slik at ein eventuell ny dom kan iverksettast i forlenging av den han no soner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.