Lokal | 19. okt. 2017

Sendt til kommunestyret

Mindretalet nytta ankemoglegheiten, dermed må Fjellheim opp i kommunestyret på nytt.

Sendt til kommunestyret
Trine Lindborg (Ap) fremja forslag om overprøving av vedtaket i PBU. Saka sendest til kommunestyret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. okt. 2017 11:56

Plan- og bygningsutvalet (PBU) handsama i dag ei klage frå «Foreninga Bevar Fjellheim» på reguleringsplanen for Os sentrum Vest.

Etter synfaring torsdag formiddag, var det ein fullsatt formannskapssal, som fekk med seg handsaminga i PBU.

Posisjonen med Trine Lindborg (Ap), Harald Døsen (Ap), Tryggve Lillestøl (KrF) og Terje Sperrevik (TvS) argumenterte for å snu saka og å ta BB2 (Fjellheimtomta, journ.mrk) ut av reguleringsplanen.

– Eg fremjar eit alternativt framlegg om å omgjera framlegget til områdereguleringa for Os vest kor vi tek ut området BB2, sa Sperrevik som begrunna det blant anna med Fjellheim sin høge kulturhistoriske verdi.

Fleirtalet med FRP/H støtta ikkje det alternative framlegget og gjekk for administrasjonen sitt framlegg om å ikkje ta klagen til følgje.

Ba om overprøving

Trine Lindborg varsla at ho ville nytta seg av kapittel 7.1 i Kommunen sitt reglement for folkevalde organ om overprøving av vedtaket.

– Eg hadde håpa de skulle ta til fornuft, men når de ikkje gjer det, så vil eg be om at saka sendast til kommunestyret for ei overprøving. Dette har eg støtte frå dei tre andre i oposisjonen på, sa Lindborg.

Saka blir no sendt til kommunestyret for handsaming etter at Lindborg, Døsen, Lillestøl og Sperrevik ba om det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.