Kultur | 20. juni 2009

Sensuelle YR

Utstillinga som opnar i Visningssenteret i dag har fått eit passande namn.

Sensuelle YR
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juni 2009 11:13

Bildeserie:

1 av 6

12 kunstnarar er representerte i utstillinga som opnar i Visningssenteret i dag.

- Eg trur vi blir husokkupantar, dette lokalet er jo som skreddarsydd til utstillingar og konsert, seier Kari Fjeldstad, som i vekedagane jobbar som eigedomsforvaltar for Os kommune.

Sjølv har ho stilt ut foto på lerret.

Laurdag formiddag var det full aktivitet før opning og konsert klokka 15. Kunstnarane rydda og ordnar til for publikum, medan musikarar riggar utstyr og tar lydsjekk.

Tatt på Senja
- Første gong eg stilte ut i Os var for ni år sidan, seier Henriette Berg.

Henriette kjem frå Nord-Noreg, men bur på Søfteland og har i fleire år drive Maya Galleri.

- Eg brukar galleriet som arbeidsplass enno, men har ikkje faste opningstider lenger, seier ho.

Vi har tatt bilde av ho saman med ein dekorert rekve, funnen på Senja. I tillegg til skulpturen, som er ein kombinasjon av det ho fekk av naturen og eigen påmonterte keramikk, har ho stilt ut maleri.

Desse stiller ut under YR: Vicky Pridmore, Audhill Paus, Kari Fjeldstad, Kaja Van Flandern, Jarl Hugo Låstad, Odd Olav Nøss, Turid Sværen, Birthe Schytte, Frode Sirevåg, Bente Haugland, Henriette Berg og Vidar Bratlund Mæland.

Utstillinga skal stå til 5. juli og er open kvardagar frå kl 14 til 19, laurdag frå kl 11 til 17 og sundagar frå kl 13 til 17.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.