Sport | 29. juli 2014

- Ser fram til å læra

Fredag reiser ein delegasjon frå cheerleading-gruppa Cheerios på treningsleir i USA.

- Ser fram til å læra
Delegasjonen frå Cheerios som skal til USA: trenar Lena S. Mathisen, Pia Mathisen, trenar Tom Andre Hjelle, Elise Tveit, Elisa Størksen, Thea Njøten, Thea T. Jensen og trenar Anita Engevik. June Heggland er allereie i USA.
Kari M. Lyssandtirsdag 29. juli 2014 08:49

Det er fem spente jenter og tre like spente trenarar som fredag set kursen mot cheerleadingens heimland USA. Sjettemann av jentene er allereie på plass i USA og vil møta resten av gjengen der.

- Det er ikkje uvanleg for norske cheerleading-grupper å reise på treningsleir til USA, det er jo ein av dei største sportane der borte, seier trenar Lena Stigen Mathisen.

Saman med resten av gruppa reiser ho til Raleigh, North Carolina til eit stort og kjent treningsenter der både utøvarane og trenarane blir kursa.

Lært frå You Tube

Dei første dagane vil dei tilbringa saman med Mia Elnes, amerikanaren som starta opp Cheerios i Os, men som no har flytta heim att til USA.

- Etter at vi har vore hos ho skal vi 6 dagar på treningsenteret før vi igjen reiser tilbake til Mia, så totalt blir vi vekke i 12 dagar.

Lena fortel at det kjem til å bli 6 harde dagar på treningsenteret med mykje trening, men òg mykje gøy, som 80- tals party.

- Vi trenarar ser òg fram til å læra så mykje som mogleg, for til no har vi lært det meste frå You Tube, fortel ho og ler.

- Og så er eg veldig spent på om dei amerikanske cheerleadarane er like fantastisk blide heile tida som det ser ut som på TV.

- Er heilt elektriske

Dei seks heldige jentene som er med på turen har alle vore med i Cheerios frå starten av og er ivrige cheerleadarar.

- Og så er tanken at dei skal kunne koma heim og læra vidare det dei har lært på senteret til resten av gruppa, det er veldig viktig, fortel Lena.

Mesteparten av turen har jentene betalt av eiga lomme og dei har spart flittig så dei har ekstra pengar til shopping.

- Dei er heilt elektriske dei gleder seg sånn, det gjer vi alle saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.