Sport | 18. mars 2017

Seriegullet glapp for Petter og Gladiators

Petter Dahl frå Os og resten av Lyderhorn Gladiators trengte siger i serieavsluttinga. Det gjekk nesten.

Seriegullet glapp for Petter og Gladiators
Petter Dahl på isen. Førre helg blei det både nettkjenning, siger og uavgjort, men Lyderhorn måtte nøya seg med 2. plass i 3. divisjon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. mars 2017 20:28

Førre helg blei seriemeisterskapen avgjort i 3. divisjon vest.

Lyderhorn Gladiators spelte to kampar mot Kristiansand på heimebane, og trengte siger i begge.

– Vi tapte 7-4 og 5-3 borte mot Kristiansand i oktober, men gjorde det langt betre no, seier Petter Dahl, ein av to Lyderhorn-spelarar frå Os.

Vann første kamp 3-0

Laurdag blei det 3-0-siger, søndagen to dei leiinga.

– Kristiansand gjekk opp i 1-3. Eg føler vi spelte best, men dei hadde ein veldig god keeper, så vi sleit med å skåra.

Lyderhorn klarte uavgjort 3-3, der Petter skåra eitt og hadde to assist.

Men Kristiansand trengte berre det eine poenget for å sikra seg førsteplassen.

Terminliste og resultat.

To frå Os i 3. divisjon

Petter (som tidlegare heitte Hans-Petter Hopland) har vakse opp i Strøno og bur no i Bergen.

Tidlegare pendla han til Haugesund og spelte for Segaulls. Også Eirik Nordahl-Pedersen frå Os er i stallen, men han spelte ikkje i serieavsluttinga.

• Les òg: Kai Daniel og Stian på kretslaget

– Vi har mål om opprykk og ser fram til oppkøyringa til neste sesong, seier Petter, som òg er involvert i arbeid med rekruttering og betra fasilitetar for ishockeymiljøet i og rundt Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.