Lokal | 10. apr. 2014

Serverte til gull

Fusa VGS gjorde det godt i Hordacup, prestisjekonkurransen mellom skulane i Hordaland. Fem av dei seks elevane på laget kjem frå Os.

Serverte til gull
Deltakarane frå Fusa VGS (Foto: Fusa VGS)
Kari M. Lyssandtorsdag 10. apr. 2014 13:15

I april var det igjen klart for Hordacup, ein konkurranse mellom VG2 kokk- og servitørlinjene frå dei vidaregåande skulane i Hordaland. Sidan Hordacup feirer 10 år dette året blei temaet "Jubileum: Hordacup 10 år".

Tok med yngre elev

I år som i fjor stilte Fusa VGS med to lag, eit kokkelag og eit servitørlag, og 5 av dei 6 deltakarane kjem frå Os.

- For å bli med på konkurransen så må elevane søkja og så plukker vi ut dei som vi meiner vil gjera det best, fortel Camilla Nesheim, lærar på restaurant og matfag på Fusa VGS.

Sjølv om konkurransen er for VG 2 elevar så valgte Nesheim i år å ta med seg ein VG 1 elev på servitørlaget, Nils Andris Hamre.

- Dei andre laga meinte det ville vera ein bakdel for oss å ha med oss ein yngre elev, men eg visste at det berre var ein fordel, for han er utrulig dyktig.

Vant servitørklassen

Det viste seg at Nesheim hadde rett, Fusa gjorde reint bord i servitørklassen.

- Vi vann delkonkurransane for beste bararbeid og beste showbord og vann då totalt for beste servitørlag, fortel Nesheim.

Kokkelaget starta bra og vann for beste forrett, men dei var uheldige med desserten og enda på ein 3. plass totalt.

- Dei laga ein Panna Cotta som av ein eller annan grunn ikkje ville stivna. Men sånn er det, sjølv om vi har laga den hundre gangar før så kan slikt skje.

- Vant med god margin

Nesheim trur det å vera med på Hordacup er med på å heve nivået til elevane og skulen.

- Cupen er veldig viktig for elevane, alle er med på førebuingane og alle får bli med på dagen og får sjå korleis deira og andre skular jobbar.

- Deltakinga på cupen viser at vi utmerker oss og eg vil seia at vi vant med god margin, seier Nesheim som er veldig stolt over dei flinke elevane sine.

Servitørlaget bestod av: Johan Marcos T. Lund, Agny Amanda Stolt-Larsen og Nils Andris Hamre.

Elevane på kokkelaget var: Kristin Sydnes, Kari Kristine Tombre, Rebecca Steffensen Vik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.