Sport | 24. feb. 2015

Sesongklare med nye drakter

VIDEO: Det var samla mange glade born då BKK hadde si årlege utdeling av drakter.

Sesongklare med nye drakter
Andreas Nyhus (t.v.) og Jørgen Nyhus spiller fotball i Os Turn. Torsdag var de på besøk hos BKK, sammen med lagleder Stian Nyhus og hentet nye drakter til laget sitt. Fotograf: Sture Nepstad
Kari M. Lyssandtirsdag 24. feb. 2015 09:18

Torsdag 19. februar fekk 200 lag frå Hordaland og Sogn og Fjordane uttdelt draktsett og andre idrettsklær frå BKK. Av over 700 søkjarar var det heile 17 lag frå Os som blei trekt ut, både frå fotball og handball.

Os Turn, Søre Neset, Nore Neset, Lysekloster og Øyglimt har alle lag som denne sesongen speler med splitter nye drakter frå BKK.

– Draktsettutdelinga til born og unge i BKK sine eigar- og vertskommuner er ein viktig del av vårt arbeid med å støtta opp om vitale lokalmiljø, fortel Kirsten Å Øystese frå BKK.

Første utdeling var i 1997 og sidan då har meir enn 48 000 draktsett blitt delt ut.

– 1 -2 Osablod!

Utdelinga gjekk føre seg hos BKK og for anledninga hadde dei invitert Robin Dale Oen frå The Dale Oen Experience til å vera med og dela ut draktene.

Borna fekk og servert eit show frå tilsette frå VilVite-senteret, eit show som inneheldt høge smell, røyk og flammer.

BKK har laga ein film frå utdelinga der nokre av borna fortel om sin idrett og draumane vidare. Jørgen Nyhus frå Os Turn er ein av dei som er med i filmen, og han får æra av å avslutta filmsnutten med:

– 1-2 Osablod!

Sjå filmen nedanfor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.