Lokal | 27. juni 2017

Set opp shuttle-bussar under VM

Skyss set opp ekstra shuttle-bussar kvart 20. minutt frå Os til Bergen under sykkel-VM.

Set opp shuttle-bussar under VM
Kommunikasjonsrådgjevar Camilla Lundberg Bertzen i Skyss fortel at dei vil setta opp shuttle-bussar mellom Os og Bergen under VM (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 27. juni 2017 09:59

Under sykkel-VM i Bergen 16.-24. september er det venta at det vil bli vanskeleg å komma seg fram med bil i Bergen sentrum, då fleire av vegane vil bli stengd som følgje av sykkelritta.

No har Skyss offentleggjort korleis dei vil løysa kollektivtransporten under VM.

600-linja mellom Halhjemsmarka - Osøyro - Bergen Busstasjon vil gå til normale tider, men mellom klokka 0830-1900 er Minde allé stengd og bussane må køyra gjennom tunnelen i Fjøsangervegen under krysset ved Minde allé.

Før klokka 0830 og etter klokka 1900 køyrer bussane den vanlege ruta.

Set opp shuttle-buss

I tillegg til dei ordinære rutene set Skyss opp shuttle-buss mellom Osøyro og Bergen busstasjon.

– Mellom Osøyro og Bergen busstasjon vil desse køyre kvart 20. minutt vekedagene mellom 06-21. Laurdag og sundag vil dei køyre mellom 12 og 24, fortel Camilla Lundberg Berntzen, pressekontakt i Skyss.

Shuttle-bussane vil køyra direkte frå Osøyro til Bergen busstasjon.

– Desse bussane har ingen av- eller påstigningsmoglegheit undervegs. Dei er kun mogleg å nytta start- og endeholdeplassane.

Må kjøpa billett på førehand

Shuttle-bussane er satt inn for å avhjelpa transportbehovet i VM-perioden.

– Det er ikkje mogleg å kjøpe billettar ombord på desse bussane av praktiske årsaker, billettar må difor kjøpast før ombordstigning. Vi har vald å setta inn bussar til Os sjølv om det ikkje er billettautomat i området.

– Sykkel-VM gir ein del utfordringar, og dette er ein av dei. Det enklaste for reisande frå Os, vil som i dag, vera å reise med Skysskort. Det er berre å ta kontakt med Skyss kundesenter om dei treng hjelp på korleis dei kan skaffa seg det eller korleis bruka Skysskortet. Vi sit no og arbeider med detaljane omkring billettløysinga då bussane som vil bli nytta som shuttle-bussar ikkje har validatorar ombord, avsluttar Lundeberg Berntzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.