Sport | 21. jan. 2018

Sette banerekord i Tyskland

– Dette betyr mykje, seier Sverre til Midtsiden etter siste løp før OL.

Sette banerekord i Tyskland
Sverre med sin første 1. plass på 5000 meter. (Privat foto, montert på arkivfoto av Douwe Bijlsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. jan. 2018 08:06

Laurdag kom Sverre Lunde Pedersen i mål på 6.14,66 og tok sin første verdscupsiger på 5000 meter.

Tida er også hans beste på europeisk is og ny banerekord i Erfurt.

• Fredag: 2. plass på 1500 meter

NRK sin skøyteekspert, Even Wetten, seier dette er den beste 5000-meteren Lunde Pedersen har gjort. Sverre er einig, ifølgje BT.

– Samtidig er ikkje formtoppen der enno, eg var sliten etter to tøffe treningsveker i Stavanger, seier Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden laurdag kveld, på veg til flyplassen i Frankfurt.

Han skal med andre ord ikkje gå nokre av distansane søndag.

Raskare enn venta

Om strategien før start seier Sverre dette:

– Eg la opp til rundetider på 29,9, eg trudde isen var tøffare. Men så kjentes det bra, så då var berre målet å ligga jamt med Tumolero og prøva å ta han på slutten. Eg visste han ville gå raskt.

Sverre fekk rett. Italienske Nicola Tumolero kom i mål på 6.16,11 og tok 2. plass. Ted-Jan Bloemen frå Cana fekk 3. plass med tida 6.17,11.

– Kva betyr desse gode løpa og dei to medaljane no, tre veker før OL?

– Det er alltid gøy å gå fort, og det betyr mykje å kjenna at eg, trass mykje tung trening den siste tida, er i god form.

Til Sør-Korea om 10 dagar

Sverre går ingen distansar søndag, og reiste derfor til flyplassen laurdag kveld. får han 2-3 dagar heime i Os før avreise til Hamar onsdag.

– Vi skal trena ei veke i Hamar før vi 31. januar reiser til Korea.

Det var i Sør-Korea at Sverre for drygt tre år sidan tok sin første verdscupsiger.

– Det var i Seoul. No skal vi gå på ein raskare is, den same som vi gjekk på i VM enkeltdistansar i fjor, då banen var heilt ny.

– Om formen og teknikken sit, kan det gå veldig fort i OL.

Vinter-OL XXIII (nr 23) blir arrangert i Pyeongchang‎ i Sør-Korea frå 9. til 24. februar 2018.

Her er nokre datoar for Sverre-fans å merka seg:
Søndag 11/2 kl 08.00: Skøyter – 5000 meter, menn (M)
Tysdag 13/2 kl 12.00: Skøyter – 1500 meter, menn (M)
Torsdag 15/2 kl 12.00: Skøyter – 10 000 meter, menn (M)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.