Sette fire nye banerekordar
Skulemeisterskapen: Tias Færøy, Sindre Haarstad (bildet) og Emil Austevoll Harlem slo tidene til «gamle» stjerner i Osbadet i dag.
Bildeserie:
– I dag skal eg berre svømma fri og stafett, sa Emil Austevoll Harlem før det var 7. klasse sin tur å konkurrera i Osbadet i dag.
Emil er den beste svømmaren på Vestlandet i sin klasse, men var ikkje der for å setja klassekameratar på plass. Snarare tvert imot, då namnet til Emil blei lest opp før start var det jubel i heile svømmehallen. Kameratane såg fram til å sjå korleis det verkeleg skulle svømmast.
– Det er Tom Andree sin rekord eg er på jakt etter.
Tom Andree Moberg Johansen, som seinast i 2016 nådde høgt opp nasjonalt med 3. plass og 5. plass i junior-NM, fekk i dag sletta to av dei tre banerekordane han hadde igjen.
Først kom Sindre Haarstad og sette ny rekord i G11 bryst, så kom Emil i klassen G12 og knuste Johansen sin rekord i fri.
– Det var gøy å slå Tom Andree sin rekord, han trener eg med, seier Sindre om forbildet som kom heim igjen til Os Svømmeklubb for eit år sidan.
Dette er dei nye banerekordane (førre rekord i parantes):
G10 bryst: Tias Færøy 22,69 (Johannes Meidel Eikeland, 24,31 i 2014)
G11 bryst: Sindre Haarstad 22,09 (Tom Andree M. Johansen, 22,29 i 2009)
G12 fri: Emil A. Harlem 13,13 (Tom Andree M. Johansen, 14,37 i 2010)
Stafett 4 x 25m, 11 år/6. klasse: Kuventræ barneskule 1.24,16 (Os, 1.27,94 i 2013)
I år blei begge rekordane som Ariel Braathen har igjen ståande. I bildefila over ser du alle dei gjeldane banerekordane for 5. til 7. klasse.
– Dei beste resultata mine i 2016 var nok 5. plass i 50 meter fri i junior-NM (kortbane) i november, og NM-sølv i stafett i senior-NM (kortbane) i mars i fjor, seier Tom Andree.
Over 140 deltakarar
Dagleg leiar i Osbadet, Torbjørg Brattabø, fortel at årets skulemeisterskap hadde 140-150 deltakarar.
Det er elevar frå 5. til 7. trinn som deltar. I år var det deltakarar frå 7 av 9 barneskular i Os; Os barneskule, Kuventræ, Nore Neset, Strøno, Lunde, Søfteland og Hegglandsdalen. Øyane og Lysekloster hadde ingen med i år.
– Dette seier litt om undervisinga
Både i fjor og i forfjor blei det sett to nye banerekordar. I dag rauk det fire til.
– Her er det banerekordar som er sett av svømmarar som seinare kom på nasjonalt toppnivå som ryker. Dette seier litt om både Os Svømmeklubb og om undervisinga i skulane i Os, meiner Brattabø.
– Det er ikkje berre aktive svømmarar som har vore på pallen i dag, her er det mange unge elevar som viser at dei verkeleg har blitt flinke til å svømma!
Samtidig trappar svømmeklubben opp og aukar frå fire til fem dagar med trening frå hausten av. Osbadet investerer i trinn til to av startblokkene, tilsvarande som blir brukt i konkurransar, for at dei skarpaste utøvarane skal få endå betre forhold.
Resultatliste
Øvelse 1. 25m bryst, J5B - Finale
1p Nora Os barneskule
2p Ingeborg Os barneskule
3p Sine Os barneskule
Øvelse 2. 25m bryst, G5B - Finale
1p Tias Os barneskule
2p Gabriel Kuventræ barneskule
3p Martinus Nore Neset barneskule
Øvelse 3. 25m fri, J5F - Finale
1p Ingeborg Os barneskule
2p Nora Os barneskule
3p Sine Os barneskule
Øvelse 4. 25m fri, G5F - Finale
1p Tias Os barneskule
2p Nicolas Os barneskule
3p Martinus Nore Neset barneskule
Øvelse 5. 4*25m lag mixed 5.klasse - Finale
1p Os barneskule
2p Kuventræ barneskule
3p Hegglandsdalen barneskule
Øvelse 6. 25m bryst, J6B - Finale
1p Lykke Kuventræ barneskule
2p Kaia Os barneskule
3p Ada Os barneskule
Øvelse 7. 25m bryst, G6B - Finale
1p Sindre Kuventræ barneskule
2p Emil Kuventræ barneskule
3p Noah Kuventræ barneskule
Øvelse 8. 25m fri, J6F - Finale
1p Lilly Nore Neset barneskule
2p Kaia Os barneskule
3p Ada Os barneskule
Øvelse 9. 25m fri, G6F - Finale
1p Sondre Kuventræ barneskule
2p Sindre Kuventræ barneskule
3p Jonathan Strøno barneskule
Øvelse 10. 4*25m lag mixed 6.klasse - Finale
1p Kuventræ barneskule
2p Os barneskule
3p Nore Neset barneskule
Øvelse 11. 25m bryst, J7B - Finale
1p Nora Søfteland barneskule
2p Karianne Nore Neset barneskule
3p Ida Amanda Kuventræ barneskule
Øvelse 12. 25m bryst, G7B - Finale
1p Kristoffer Os barneskule
2p Ole- Andreas Os barneskule
3p Magnus Strøno barneskule
Øvelse 13. 25m fri, J7F - Finale
1p Karianne Nore Neset barneskule
2p Angelica Nore Neset barneskule
3p Amalie Nore Neset barneskule
Øvelse 14. 25m fri, G7F - Finale
1p Emil Os barneskule
2p Martin Os barneskule
3p Brede Nore Neset barneskule
Øvelse 15. 4*25m lag mixed 7.klasse - Finale
1p Os barneskule
2p Nore Neset barneskule
3p Kuventræ barneskule
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.