Lokal | 20. nov. 2014

Sette seg bak rattet mens kameraten urinerte

Ein mann i 40-åra som tidlegare er dømt tre gongar for kjøring i rusa tilstand, er dømt for to nye rusa turar bak rattet.

Sette seg bak rattet mens kameraten urinerte
Tiltalte var påverka av både hasj, tablettar og alkohol då han kolliderte med denne parkerte bilen. Turen enda på jordet i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. nov. 2014 12:11

Ein mann i 40-åra frå Os er dømt for to tilfelle av kjøring i rusa tilstand.

I desember 2012 blei han i ein nabokommune av Os tatt då politiet rykte ut grunna melding om husbråk. Tiltalte forklarte at han berre sat i bilen og lytta til musikk, men politiet som var på staden såg at han rygga éin meter og kjørte fram igjen.

Retten festa lit til politiet si forklaring.

I juni 2013 var det ein ny kjøretur i rusa tilstand. Då sette han seg bak rattet mens kameraten, som var sjåfør, hadde stoppa bilen for å urinera.

Turen gjekk nokre hundre meter før tiltalte kjørte inn i ein parkert bil og ut på eit jorde.

Ved begge tilfella var tiltalte påverka av tablettar og hasj, ved siste tilfellet også av alkohol.

Tar kurs - slepp unna fengsel

Tiltalte møtte i Nordhordland tingrett og erkjente delvis skyld.

Han er tidlegare dømt seks gongar for ulike lovbrot, blant dei er tre tilfelle av kjøring i rusa tilstand.

Osingen blei dømt til 50 dagar fengsel, men soning blir utsett på vilkår mot at han fullfører eit program mot ruspåverka kjøring,

Han fekk også ei bot på 10.000 kroner og må venta fire år før han tar førarkort igjen.

I tiltalen var også eit punkt med to tilfelle av vald mot tidlegare sambuar, i oktober 2012 og februar 2013, men tiltalte blei frikjent for begge.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.