Queen tribute - Os kammerkor og Kor Camena

– The show must go on!

Kor, orkester og solist med solid hyllest til Queen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var det tid for Queen-hyllest av Os kammerkor, initiativtakar Kor Camena frå Haugesund, solist Ole André Westerheim og bandet Just 4 You.

• Les òg: Kraft, presisjon og humør (frå øving)

Dirigentane Karina Lange og Ann Elisbeth Tveit leia publikum gjennom låtar frå 11 ulike album, frå 1975 til 1992, begge kora saman, kvar for seg, i samansette grupper - og med Westerheim åleine med bandet.

Mellom låtane blei vi betre kjent med både kora og Queen, bandet som blei starta av studekameratar som i utgangspunktet var på veg kvar sin retning reint fagleg. Men så kom musikken og gjennombrotet.

Westerheim er berre 25 år, men har lang fartstid innan det å hylla Queen. I periodar kunne då sjå ut som om han VAR Freddie Mercury. Då han i 2008 gjekk på vidaregåande skule konverterte han frå country til Queen. Skulen blei den første som fekk lisens til å setja opp konsert som hyllest til det britiske bandet. Ole André har deltatt i både Sommarrevyen på Stord og Fitjar, spelt ulike juleshow og gjort fem Queen Tribute Show på Stord og Karmøy før konsertane i Haugesund og Os med dei to kora.

I ryggen hadde han og kora solid akkompagnement.

– Det er ikkje mange som kan spela Queen som Just 4 You, seier Westerheim.

Bandet består av Sten Arve Nornes (keyboards), Jan Einar Haaland (trommer), Roger Pedersen (gitar) og Karl Erik Lie (bass).

På tampen fekk musikarane med seg heile salen, gav kompakt instruksjon i å synga fleirestemt, der kvar enkelt kunne melda seg på med den stemma dei liker best å synga med - og så var det allsong på «We will rock you».

Ti minutt før showet starta var det selt 255 billettar. Artistane spelte og song som om det var full sal (ca 500). Det bør det bli neste gong.

Alle korarrangementa, med unntak av Bohemian Rhapsody og We will rock you (Mark Brymer) er av Øystein Fevang. Alle låtane, med unntak av The great pretender (Buck Ram, The Platters) er av Queen.