Lokal | 15. feb. 2012

Siger eller tap?

Var plasseringa av OHARA på Liafjellet ein siger eller eit tap for demokratiet? Det blei den viktigaste debatten då politikerane i går handsama saka.

Siger eller tap?
Jon Sivert Rykkel (V) etterlyste engasjement frå fleire deler av bygda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. feb. 2012 09:21

Det var ikkje mykje spenning knytt til handsaminga av OHARA i kommunestyret tysdag. Fleirtalskoallisjonen med Frp og Høgre gjekk i førre veke ut og flagga at dei ville gå for Liafjellet. Dermed var det i realiteten avgjort før saka kom opp til endeleg politisk handsaming.

- Liafjellet er eit tap for demokratiet. Demokrati handlar ikkje berre om dei som skrik høgst, hevda Jon Sivert Rykkel (V) då han opna debatten.

- Eg må berømma innbyggarane på Kuhnle for engasjementet, det viser at det nyttar.

- Likevel har Venstre valt å leggje rapportane til grunn og går for Kuhnle. Vi har registrert og respekterer frykta til naboane, men har valt å sjå vekk frå det. Kommunen sitt ansvar er å vega for og imot for alle innbyggarane i kommunen og ikkje berre ei gruppe, påpeika Rykkel, som etterlyste sinne og engasjement frå andre stadar i kommunen der innbyggarane berre blir råka av avgiftsauka.

Nesten provoserande

Rykkel fekk støtte frå varaordførar Marie Bruarøy (H) i etterlysinga av meir engasjement frå resten av bygda.

- Det overraskar meg litt at vi ikkje har høyrt frå resten av innbyggarane.

- Grunnen til at vi har landa på Liafjellet er ikkje argumenta frå "motstandsrøyrsla". Det har nesten vore provoserande å få dei beskuldingane mot seg som vi har fått både rett i anletet og gjennom lesarinnlegg i lokalmedia.

- Høgre har heile tida sagt vi ville venta på sakspapira. Grunnen til at eg falt ned på Liafjellet er noko luftkonsulenten sa på det første folkemøtet vi hadde i Osbadet kor ho påpeika at det var dei diffuse utsleppa (frå inn og utkøyringa, journ.mrk) som eventuelt kunne gje eit luktproblem, ikkje pipa.

Rasjonell aktør

Fleirtalet på 31 (Frp, H, Ap, Sp og TvS) i kommunestyret landa på ei plassering i Liafjellet, medan mindretalet beståande av to frå Venstre og to frå KrF gjekk for administrasjonen sitt forslag om å legga hovudreinseanlegget på Kuhnle.

Ein ting var dei likevel einige om. Nemleg det at det hadde vore ein lang og god prosess.

- Eg opplever at kommunen har angrepet prosessen som ein rasjonell aktør. Éin stad må anlegget plasserast. Vi har fått opp fleire alternativ.

- Vi har tatt folk på alvor. Det betyr ikkje at vi seier at dei skal få det som dei vil, men at vi har brukt tid og penger på å få ei fagleg utgreiing av dei forskjellege alternativa.

- Når fleirtalet så til slutt vel å bruka fleire titals millionar på ei imaginær oppleving av lukt er det ikkje lenger rasjonelt, meinte Helge Olav Nygård (Krf).

Open prosess

Terje Søviknes (Frp) var samd i at det hadde vore ein god og lang prosess, men reagerte på beskuldningane om at Frp/H hadde snudd i saka.

- Eg opplever at det heile vegen har vore ein forutinntatthet om at vi ville gå for Mobergshaugen på grunn av kombinasjonen med parkeringsanlegg. Vi valte gjennom prosessen først å sjå på utblås på Liafjellet og deretter også plassering av sjølve anlegget i Liafjellet.

- Hadde vi på førehand bestemt oss for eit alternativ så kunne vi allereie då sagt nei og ikkje sett på Liafjellet i det heile tatt. Vi har hatt ein open prosess heile vegen, meinte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.