Denis Ljubovic, her i treningskampen mot Brann, satte inn sigersmålet borte mot Haugesund 2 (foto: Andris Hamre)

Siger i slitekamp

Lysekloster har kome i gang som dei ønskjer med 2-0 borte over Haugesund 2.

Av: Andris Hamre

Seriefotballen sparka i gang måndag 2. påskedag. Medan Os spelte heime på Kuventræ, måtte Lysekloster ta turen til Haugesund for første serierunde.

– Det blei ein slitekamp på ei veldig våt og humpete grasmatte, fortel sportsleg leiar Svein Kollen.

Haugesund2 - Lysekloster 0-2 (0-1)
Mål Lysekloster: Tommy Gaustad, Denis Ljubovic
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun – Denis Ljubovic, Kapinga Brazy, Joakim Helland - Martin Pedersen, Espen Birkeland, Vladan Radojkic, Ken Joar Føyen - Tommy Gaustad (Håkon Kvittingen, 76 min), Kristoffer Østervold, Ole Thomas Herrem (gult kort).

– Vi gjekk opp i føringa i første omgangen etter at Tommy Gaustad mottok ballen på 16 meter, venda opp og skaut i hjørnet.

– 2-0 kom etter ein corner, kor Denis Ljubovic får ballen i mål, fortel Kollen.

Betyr alt

Lysekloster frykta litt den vanskelege bortekampen i Haugesund.

– Vi visste det var ei vanskeleg bane mot eit vanskeleg lag. Det blei mykje kriging og høgt tempo, akkurat som vi hadde frykta.

– Kva betyr sigeren og få tre poeng i første serierunde?

– Det betyr alt. No er vi i rute med ein gong, avsluttar Kollen i bussen på veg heim til Lysefjorden.

P.S. Sigeren gjer at Lysekloster allereie frå første serierunde får eit lite overtak på ein av dei andre laga som er tippa som favoritter før sesongen. Brattvåg klarte nemleg berre uavgjort 0-0 heime mot Stord.

Sjå tabellen og alle resultata her 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.