Sport | 18. feb. 2018

Siger og uavgjort på Karmøy

Lysekloster med sju juniorar hadde få problem med å slå SK Vedavåg Karmøy.

Siger og uavgjort på Karmøy
Ole Thomas Herrem skåra Lysekloster sitt mål mot Vidar (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 18. feb. 2018 08:24

Fredag og laurdag har Lysekloster brukt på Karmøy for å spela to treningskampar og få testa breidden i heile troppen.

Fredag møtte dei 4. divisjonslaget SK Vedavåg Karmøy.

– Vi stilte med sju ungdommar mellom 16 og 20 frå start, fortel sportsleg leiar Svein Kollen.

Slik var startoppstilllinga: Thomas Hille, Eirik Spangelo Haga, Thorvald Trætteberg, Lars Hadler-Olsen, Sigve Rørstad, Erlend Opheim Instebø, Markus Attila, Marcus Sannes, Even Vetås, Martin Pedersen, Sondre Nystad.

Hadler-Olsen stor i forsvar

Allereie etter to minutt gjekk Lysekloster opp i leiinga då Lars Hadler-Olsen skåra etter ein corner. Vedavåg Karmøy utligna etter seksten minutt, men derfrå og ut hadde Lysekloster god kontroll og skåra med Martin Pedersen og Marcus Sannes før pause. Sannes skåra direkte frå frispark i hjørnet.

4-1 satte Hassan Rahmani inn med berre to minutt att av kampen.

– Ungutane gjorde ein fin figur. Spesielt Lars Hadler-Olsen var god og solid som midtstoppar, fortel Kollen.

Uavgjort mot 2. divisjonslag

Laurdag var det 2. divisjonslaget Vidar frå Stavanger som sto på motsett banehalvdel. Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik valde ein litt meir rutinert startoppstilling med Kjetil Hansen, Ken Joar Føyen, Denis Ljubovic, Mats Walberg, Andre Matos, Eirik Rode, Marcus Sannes, Vladan Radojkic, Hassan Rahmani, Ole Thomas Herrem, Kristoffer Østervold laurdag.

– Det blei 1-1 mot Vidar. Vi tok leiinga med Ole Thomas Herrem i 1. omgangen og held fram med å køyre over dei resten av den omgangen. Andre omgangen blei jamnare, men vi hadde tre 100%-sjanser og dei éin. Likevel kom ikkje utlikninga på den. Den kom etter ei forsvarstabbe frå oss. Det var ein del av dei som spelte mot Vidar som også var på banen mot Vedavåg Karmøy, så det var nok nokon som kjende det i beina, avslutter Kollen.

Neste treningskamp blir mot Åsane i Vestlandshallen førstkommande onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.