Kultur | 17. nov. 2017

Signering- og selfiemaraton for Lothepus

Frontfigur Lothepus og forfattar Tokvam skapte liv på Amfisenteret torsdag kveld.

Signering- og selfiemaraton for Lothepus
Lothe og Tokvam signerte eit par bøker før det var tid for fotomaraton med små og store. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. nov. 2017 08:48

Bildeserie:

Det sto tett med folk å venta i 18-tida torsdag. (Foto: KVB)
Det sto tett med folk å venta i 18-tida torsdag. (Foto: KVB)
Påfyll av bøker. (Foto: KVB)
Påfyll av bøker. (Foto: KVB)
Lothe og Tokvam saman med senterleiar Silje Lygre. (Foto: KVB)
Lothe og Tokvam saman med senterleiar Silje Lygre. (Foto: KVB)
Helene, Katrine og Marta var blant mange som ville ta bilde. (Foto: KVB)
Helene, Katrine og Marta var blant mange som ville ta bilde. (Foto: KVB)
Tettpakka kveld på Amfisenteret. (Foto: KVB)
Tettpakka kveld på Amfisenteret. (Foto: KVB)
Årets julekort frå Jorunn Staverløkk med familie? (Foto: KVB)
Årets julekort frå Jorunn Staverløkk med familie? (Foto: KVB)
– Lothe er ein perfekt ambassadør for Vestlandet, meiner Tokvam. (Foto: KVB)
– Lothe er ein perfekt ambassadør for Vestlandet, meiner Tokvam. (Foto: KVB)
1 av 7

– Han er ein festleg fyr! No blir det julegåvehandel, seier Kirsten Kjerrgård og Hilda Storum, som sto fremst ved bordet i god tid før hovudpersonen dukka opp.

– Vi er berre her for å treffa han. Vi heia på han då han deltok i Farmen og synest han er kul, seier venninnene Helene Lyssand, Katrine Larsen og Marta Josefa Wallevik Burgos.

«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane» skriv Leif Einar «Lothepus» Lothe sjølv om boka. Det er journalist Finn Tokvam som har skrive, og Samlaget som gir ut den 183 sider tjukke boka om skytebasen, TV-kjendisen, Farmen-vinnaren, musikaren og ølbryggaren frå Odda.

– Kva er viktigast for deg for tida, bok, brygging, musikk eller å vera skytebas?

– Det er ikkje lett å seia, det er mas i alle retningar, seier Lothepus mens han stiller opp på foto etter foto.

• Les òg: Lanserte Lothepils på Os

– Du er jo kjend for ikkje å ha tid til dill dall. Er dette dill dall?

– Det er kaos overalt, no, så eg blir tvungen med på mykje dill dall.

«Må skriva litt no», skyter coach og forfattar Tokvam inn.

Køane sto i fleire endar, dei som ville ha bøker og dei som ville ha bilde. Skytebasen tok seg tid til alle.

– Perfekt ambassadør

Nokre gjestar kom berre for å ta bilde, men mange kjøpte boka og fekk autograf av både Lothe og Tokvam.

– Han har hatt eit eventyrleg liv til no, og han er ein perfekt ambassadør for Vestlandet, meiner Finn.

• Les òg: Selte båt for Lothepus

– Har du fått nokre overraskingar mens du har jobba med boka?

– Eg var opptatt av å visa det fulle bildet. Der har Lothe vore overraskande open og vist meg mykje tillit.

I boka får du servert både røvarhistoriar og livsvisdom frå Odda, men òg historiar om korleis Leif Einar var ein skuletapar og eit mobbeoffer. Han fortel òg om veslebroren Stian, som døydde i ei traktorulykke då han var ti år gamal.

Etter signering utanfor Ark på AMFI gjekk turen ned til Libris i Os sentrum, der det òg var nattope i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.