Lokal | 15. mars 2018

Signerte lån på 1,5 milliardar kroner

Rekordlån til Lysevegen: – Det største lånet vi har tatt opp til no, seier dagleg leiar i bompengeselskapet.

Signerte lån på 1,5 milliardar kroner
Harald Rokke (t.v.) frå Nordiska Investeringsbanken (NIB) låner vekk milliardbeløp til E39 Svegatjørn-Rådal ved Torbjørn Wilhelmsen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2018 14:21

Bergen-Os Bompengeselskap, som finansierer bompengeandelen på den komande E39 Lysevegen mellom Rådal og Svegatjørn, har inngått låneavtale med Nordiska Investeringsbanken (NIB).

– Lånet er på 1,5 milliardar kroner og er det største lånet selskapet har tatt opp, seier dagleg leiar Torbjørn Wilhelmsen.

• Les òg: Betaler 100 mill i månaden på E39

NIB vann kontrakten etter konkurranse og kombinerer ei rente basert på tre månadars internbankrente (NIBOR) og ein fast margin i opptil tre år.

Samla gjeld i selskapet er etter dette låneopptaket 2,4 milliardar kroner.

• Les òg: Kva skal det kosta å bruka vegen?

Samla gir dette selskapet ei vekta snittrente på 1,58 prosent med ei rentebindingstid på 3,17 år.

Sparer 90 millionar i året

Låneopptaket er tilrettelagt av Bergen Capital Management.

– Vi har jobba svært lenge med dette, og det er første gong vi inngår låneavtale med NIB. Vi har lagt vekt på å spreia risiko for både rente og finansiering, og vi kombinerer ulike låneinstrument for å balansera ut ulike suksesskriterier for å sikra rimeleg finansiering med lågast mogleg, og samtidig forutsigbar, rente.

– Lysevegen er finansielt dimensjonert for å tola ei rente på 5,5 prosent. På gjelda vi har så langt, betyr dette ein «rentegevinst» på nesten 4 prosent, tilsvarande over 90 millionar kroner i året, fortel Wilhelmsen.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.